Appell på Krystallnattmarkeringa, 9.11 2018

Fredag 9.11 vart den bergenske 80-årsmarkeringa for Krystallnatta i 1938 og starten på nazistanes jødeforfølgingar arrangert av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Bergen. Hovedappellantar var statsminister Erna Solberg, forfattar Erling Borgen og Elin Hege Lona. Alle heldt gode appellar, og eit medgjerleg vær gjorde at det vart godt oppmøte. Fleire ungdomsorganisasjonar vart også inviterte for å halde korte appellar, og eg heldt appell for LO ungdom Hordaland. Eg hadde sjølvsagt gløymd at appellen skulle vere kort, så eg endte med å hoppe over ein god del. I tillegg gjekk eg kan hende utover grensa for det som er vanleg kutyme for appeller i anledning Krystallnatta, av di eg valde å snakke om Carl I. Hagen og andre politikarar frå høgresida. Her er uansett den appellen eg hadde forberedt, så kan dei som vil ta stilling til det. Nokre av detaljopplysingane er korrigert i ettertid.

*************************************************************************

Takk for invitasjonen. Vi er alle utilpass og forvirra over å leve i ei tid der rasistisk og fascistisk tankegods vert normalisert og ytre høgre er på frammarsj, ikkje berre i form at av organisasjonane deira ser ut til å vekse, men at sjølve verdssynet deira vinn innpass i maktas korridorar, i det offentlege ordskiftet og den kollektive mentaliteten.

Appell Krystallnattmarkering 2018
Alle foto: Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Bergen

Samstundes som normaliseringa går sin gang, ser vi at det offentlege ordskiftet kring dette problemet er prega av kunnskapsmangel. Skravleklassen sett under eit har ofte ikkje peiling på kva det er dei snakkar om. Når nazistar driv rekrutteringsaktivitetar til framtidige valdshandlingar, høyrer vi dei prate om «ytringsfridom». Når nazistar tar til orde for etnisk rensing og folk protesterer mot dette, høyrer vi dei seie at vi må «tåle å høyre ytringar vi ikkje likar». Medan antirasistar vert angripne av nazistar, høyrer vi dei snakke om «ekstremistar på begge sidar».

Skravleklassa er uvitande om den antifascistiske demonstrasjonen som vart angripen av eit femti tals nazistar på Kärrtorp i Sverige i 2013, fleire bevæpna med kniv. Dei veit ikkje om tenåringen som vart knivstukken av to nazistar utanfor Blitz i 2014. Dei hugsar ikkje det nazistiske bombeattentatet utanfor ein fagforeningskafé i Gøteborg for berre to år sidan. Skravleklassa er i det heile uvitande om at skandinaviske nynazistar står bak fleire hundre valdelege åtak dei siste førti åra, deriblant eit tredvetals drap, 22/7 ikkje inkludert. Når skravleklassa diskuterer nazistanes parole «knus homolobbyen», gløymer dei at det same nazistiske miljøet står bak fleire drap på skeive aktivistar i Skandinavia.

Skravleklassa er og uvitande om forskinga som etablerer klare koblingar mellom ordbruk og vald, koblingar vi såg i verksemd ved folkemorda i Rwanda og på Balkan. Det er påvist at ord og ytringar speler ei heilt sentral rolle i skape aksept for vald og legge forhalda til rette for etnisk rensing. Orda vi nyttar formar korleis vi tenker. Vi er alle sårbare og tilbøyelege til å tenke, tale og handle på bakgrunn av rasistisk tankegods. Difor er der normaliseringa som pågår så farleg.

Normaliseringa av rasisme kom til Noreg i 1987. På eit valkampmøte i Rørvik sa Carl I. Hagen «Asylsøkerne er på vei å ta over vårt fedreland!» og leste deretter opp det falske Mustafa-brevet, eit brev Hagen eller nokon andre hadde fabrikkert. I dette brevet, signert Mohammad Mustafa, vart det påstått at muslimane i løpet av nokre generasjonar ville ta over Norge, mellom anna av di dei føder fleire born. Namnet Mohammad Mustafa hadde ein truleg funne i ein telefonbok, og Hagen vart snart saksøkt av den ekte Mohammad Mustafa som hadde mottatt drapstruslar i etterkant av opplesinga. Hagen gjorde opp i eit forlik, og kunne le heile vegen til vallokalet, ettersom FRP gjorde eit historisk godt val den hausten. Det var her FRP for alvor endra seg frå å vere berre eit parti mot skattar og avgiftar til å verte eit parti mot innvandring.

Om vi spolar fram til 2005, hugsar kanskje nokon at Per Sandberg kalte inn til pressekonferanse, der han fortalte at han hadde fått vite om eit potensielt valdeleg, ekstremistisk pakistansk nettverk i Oslo, som talte minst 30 000 – til tross for at det på den tida berra var 26 000 pakistanske nordmenn i heile Noreg. Eller i 2007, då Høgre-mannen Hallgrim Berg lanserte boka «Amerikabrevene» som av fagmiljøa vert ansett som det fyrste norskspråklege bidraget til den rasistiske eurabialitteraturen som inspirerte Breivik. På lanseringa var Torbjørn Røe Isaksen, som hylla den som ei god politisk analyse, den same Røe Isaksen som nokre år seinare slo fast at Høgre aldri ville kunne samarbeide forpliktande med det rasistiske FRP – noko som vart gløymd i 2013, som vi alle veit.

I dag, 80 år etter krystallnatta, kjempast det på mange frontar. Jødisk Museum i Trondheim jobbar med å få midlar til sikkerheitstiltak. Antirasistisk Senter mister 2,7 millionar frå sitt budsjett som fylgje av ei omlegging av korleis tippemidlane vert fordelt, noko regjeringa slit med å mønstre spesielt stor interesse for, samstundes som det jobbast hardt i kulissane for at rasismedistributørane i Human Rights Service skal unngå kutt i statsstøtta. Det er bedrøvelege tilstander i samfunnet, og vi i LO Ungdom Hordland er bekymra for tryggleiken til våre medlemmer og til minoritetar for øvrig.

Samstundes er det godt å sjå at våre kameratar i Norsk Folkehjelps Solidaritetsungdom Bergen tar ansvar for å halde ei god og brei markering mot ytre høgre. Det er lett å verte handlingslamma i slike tider, og difor er det svært verdifullt å ha noko som skjer, å ha ein stad å gå til, at det er mogleg å gå til handling både ved å møte på markeringar og ved å organisere seg antirasistisk i organisasjonar som Solidaritetsungdommen. Norsk Folkehjelp oppstod på 1930-talet som ein antifascistisk aksjon organisert av LO-folk for å støtte kampen mot fascismen i Spania. Sidan den gong har LO og Norsk Folkehjelp vore tett samanknytta. Vi i LO Ungdom Hordaland er stolte av denne historia, og over å framleis ha Norsk folkehjelp og Solidaritetsungdommen spesielt som samarbeidspartnarar. Vi i arbeidarrørsla står saman og seier som dei spanske antifascistane: No pasaran! Dei kjem ikkje forbi!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s