Fascistanes ulvehyl i natten: Massedrapas funksjon

22/7.2012: Ettårsmarkeringa for 22.juli. Foto: Kongehuset.

Fascistiske massakrar bidreg truleg til å endre samfunnet på ein måte som vi ikkje har vore klar over.

22.juli 2012, på eittårsmarkeringa for terroråtaka mot arbeidarrørsla året før, uttalte statsminister Jens Stoltenberg at gjerningsmannen ikkje hadde lukkast: “Bomben og skuddene var ment å forandre Norge. Det norske folk svarte med å omfavne våre verdier”, sa Stoltenberg til dei frammøtte. Ti år seinare framstår dette som mindre sant enn vi gjerne skulle tru. Lukkast verkeleg ikkje åtaka i å endre samfunnet vårt? Kva var eigentleg virkninga av åtaket 22/7, på det norske samfunnet, og internasjonalt?

I boka Utøya-kortet intervjuar Snorre Valen tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen om korleis det var etter 22/7 å skulle ta opp debatten om den normaliseringa av innvandringsfiendtleg tankegods som Fremskrittspartiet har stått for dei siste tiåra. Som dokumentert i Utøya-kortet og fleire andre bøker som har kome ut dei siste månadene, vart Pedersen og andre som freista å ta opp desse spørsmåla møtt med tilsynelatande unison “Neivettuhvah” frå folk i både pressa og i politikken. “Jeg følte at vi fikk et stempel som sa at vi var mot ytringsfriheten”, seier Pedersen. Som eg har påpeikt i andre tekstar har det lenge vore ei motvilje i norsk offentlegheit mot å snakke om desse tinga. Valen kjem inn på dette når han spør Pedersen:

– Tror du det hadde vært lettere å fremføre akkurat de samme synspunktene som du gjorde høsten 2011, om terroren aldri hadde skjedd?

– Ja, jeg tror egentlig det.

Det er eit enormt tankekors at eit fascistisk massedrap har gjort det vanskelegare for ofra å snakke om hatefulle ideologiars normalisering i offentlegheita og korleis visse politiske miljø har vore ein pådrivar for dette. Det strid mot alt vi har lært. Denne utviklinga handlar om i hovedsak to aspekt: det fyrste er velkjent, nemlig den enorme mengden hat AUF mottek både i kommentarfelta og privat. Det andre aspektet har vi berre så vidt byrja å verkeleg diskutere, nemleg korleis toneangivande delar av landets medieelite har vald å stemple AUF nærast som illiberale mørkemenn som vil innskrenke ytringsfrifomen. Kvifor har ikkje norsk offentlegheit klart å forhalde seg til desse spørsmåla på ein rasjonell måte?

Eit mogleg svar på dette er at vi her befinn oss i eit landskap der rasjonalitet står svakt, som heller domineres av emosjonelle koplingar og responsar. Det kan jamvel handle om at svaret handlar om lite vi nordmenn er i stand til å vende blikket innover og ha kontakt med sitt indre sjølve – anten vi likar det eller ei. Denne teksten skal ta for seg korleis åtaket 22/7 i tillegg til å ta livet av ein generasjon med ungdomspolitikarar, ikkje berre fungerte som eit blodig reklamestunt for å spreie fascistisk tankegods, men òg som ein enorm smekk på snuten på det norske folk, og spesielt dei som skulle våge å motsetje seg ei samfunnsdreiing i fremmedfiendtleg og fascistisk retning.

Drap som reklame

Ein person frå det filosofiske miljøet i Bergen fortalde meg om ein studietur til Hellas han deltok på eit år eller to etter 22/7. I Athen vitja han ein bokhandel tilknytta universitetet og vart lamslått av å sjå Breiviks manifest i ei av bokhyllane. Da han konfronterte dei tilsette med dette fekk han til svar at ein lyt skilje tankane frå handlingane. Dette er ein absurd tanke for mange, gitt det vi veit om det tette bandet mellom drapa og det fascistiske tankegodset som ligg bak. Det er likevel verdt å dvele litt ved dette.

Det har vore nemnd med ulike mellomrom at hensikten med dei brutale fascistiske massemorda er å skape merksemd om gjerningsmannens manifest. Her plar ein påpeike at ved å begå drap får gjerningspersonen nok merksemd til at likesinna verda rundt registrerer at dette er eit manifest som er verdt å lese. Denne motivasjonen blant fleire var tilstades i tilfellet Breivik, som får manifestet sitt solgt over disken i Athen, så vel som i tilfellet med Christchurch-massakren og åtaket i El Paso i 2019. Det held dog ikkje med merksemd – ein må og vise at ein har evne til å ta mange liv. Philip Manshaus mislukkast med størstedelen av sitt åtak og drepte “berre” si eiga stesøster, Johanne Zhangjia Ihle-Hansen. At han mislukkast med neste del i åtaket og ikkje klarte drepe sjølv to gamle menn, gjorde at han vart latterleggjort internasjonalt, han fekk ikkje den statusen han truleg var ute etter, og hans manifest vart ikkje særleg populært. Jamfør dette med åtaket i Christchurch, der Brenton Tarrant lukkast med å dokumentere direkte på internett at han drap 51 menneske. Han fekk det til, han fekk enorm status i det internasjonale fascistiske miljøet, og manifestet hans vart populært og breitt distribuert.

Massemorda kan på denne måten reknast som reklame for tankegodset – men det foregår og noko liknande på eit djupare plan som er verdt å vere klar over. Drapa bidreg til å endre samfunna anten vi vil eller ikkje, på ein måte som kan vere vanskeleg å tru.

I det offentlege ordskiftet i Noreg er vi vand med å tenke om slike terroråtak som noko vi tek avstand frå og difor på trass gjer det råkt motsette av det terroristen vil. Vi er rasjonelle og oppegåande, og vi let oss ikkje kue. Om ein morderisk terrorist vil at vi skal hate minoritetar, likar vi å tenke at vi gjer det stikk motsette. Det er dessverre ikkje heilt slik det eigentleg fungerer.

Menneske er sosiale dyr. Vi er frå evolusjonens side tilbøyelege til å rette oss etter kva dei andre i flokken vår gjer. Vi er veldig vare for endringar i stemninga i flokken, og vi er tilbøyelege til å innrette oss etter impulsar frå dei andre. Dette kan verte forsterka gjennom til dømes autoritær oppdragelse, der dei som har vorten oppdradd slik kan vere meir tilbøyelege enn andre, men til sjuande og sist er dette noko vi alle har i oss.

Impulsar og signal i flokken er difor veldig viktige markørar. I dag er det nasjonalstaten som set rammar for liva vi lev. Slik er det heile det norske samfunnet som vert “flokken vår”, den store flokken med mange små flokkar. Filosofane Deleuze og Guattari skriv i Tusen platåer om sirklane menneska rører seg i: Familien – nabolaget – byen – fylket – landet. Dynamikken er den same både i dei store og små sirklane eller flokkane ein tilhøyrer, i den forstand at ein tek i mot impulsar og signal frå folk rundt seg og innrettar seg i ulik grad etter dei.

Dei einsame ulvanes hyl

Det vi er nøydd til å anarkjenne er at desse morderiske åtaka fungerer som signal i samfunnet. Om gjerningsmenna er einsame ulvar, er gjerningane å rekne som ulvehyl om natta, illevarslande signal om endring. Det er ulvehyl dei sender til kvarandre, men òg for at vi andre skal høyre dei. Slik er dei i røynda langt frå einsame ulvar å rekne: dei har sine kretsar og fellesskap på internett – og som ein ven av meg spurte, kva er eigentleg forskjellen mellom felleskapet ein får i ein partiorganisasjon og det ein får i desse miljøa?

Når ugjerningane finn stad, er dei å rekne som massive megahendingar som alle får med seg. Dei tek ganske fort form av gigantiske kollektive traumer som delast av heile befolkninga, i allefall når det gjeld 22/7 og Christchurch-massakren. Slike traumar har sin effekt på den kollektive psyken, det set i gong noko særskilt i oss som menneske. Eit slikt traume skapar ubalanse, det er som om verda rasar saman. Alt vert usikkert. Det er smertefullt, og det naturlege for mennesket er å ta grep for å unngå slik smerte i framtida. Slik medfører traumet seg endring. Vi har vorte råka av noko så enormt at vi på eit eller anna nivå skjønner at vi ikkje har noko anna val enn å tilpasse og innrette oss.

Det kan kanskje jamførast med då vi var barn, og ein far, lærar eller anna autoritetsperson smelte neven i bordet foran deg for at du skal lytte. Vi vert redde og rådville, lamma av avmakt og ute av stand til å gjere noko anna enn å lyde. Det er som om noko djupt inni oss tenker: Nokon har råka oss ekstremt smertefullt av di vi har gjort noko feil. Det er best å innrette seg for å unngå smerten i framtida.

Regjeringskvartalet 22.7.2011. Foto: CNN

Dette kan verke søkt, men det er gode grunnar for å ta dette på alvor. I tida etter 22/7 har det ikkje gått slik mange av oss trudde. Vi var sikre på at vi skulle ha meir demokrati, meir openheit og alt det der. Vi skulle verte eit betre samfunn, med mindre hat og rasisme. I staden ser vi at tre av fem meiner at vi har snakka nok om 22.juli, og trass i all tilbakehaldenheit frå AP, meiner ein tredjedel av dei spurte at partiet har slått politisk mynt på åtaket, som Harald Stanghelle har påpeikt. I tillegg har vi sett at normaliseringa av rasisme og anna hat har skutt fart, og det vert i dagens offentlegheit stadig ytra ting som vi trudde var utenkeleg berre for kort tid sidan.

Som andre har skrive før meg byrja denne utviklinga allereie med Carl. I Hagens “Mustafa-brev” i 1987, og har pågått jamnt og trutt sidan den gong. Den vart ikkje stogga av dei vala det offentlege Noreg tok etter 22/7, altså det å ha fokus på å “ta debatten” og “få grumset fram i ljoset”. Tvert om har det virka i mot sin hensikt, sidan det å skulle få hatet fram i ljoset og debattere mot det som om det var legitime standpunkt berre har tent til å legitimere det og normalisere det. I tillegg har det vore ein tendens til bagatellisering av dei viktigaste aktørane. FRP har vorte hegna om som ein del av det norske demokratiet som ikkje kan skuldast for bakteppet for åtaka. Document, ei av Breiviks foretrukne boltreplassar på nett, vart universelt fordømt i tida etter åtaka, men vart likevel snart forsvart som ein seriøs nettstad, etter nokre utspel om å ta eit “oppgjør med grumset” som mest framstod som eit spel for galleriet. Dei siste åra har politikarar frå Høgre og personar tilknytta Tankesmien Agenda vore heilt tilfreds med å publisere på nettstaden, samstundes som den har arrangert møte med fascisten Steve Bannon.

Så kvifor har vi sett denne bagatelliseringa? At terroråtaket, på eit eller anna vis, på eit eller anna nivå, gjorde folk meir sensitiv og lyttande overfor den hatefulle bodskapen er truleg ei viktig faktor. Ikkje fyrst og fremst på det medvitne og rasjonelle planet, der vi freister å forstå og forhalde oss til hatet for å kunne bekjempe det, men på det undermedvitne, emosjonelt-assosiative planet der vi er opptatt av å overleve og gjer det vi kan for å unngå skadar. Vi har øyensynleg vorte meir merksamme og villige til å lytte til det, på ein måte som nærast er lik eit barn som lyttar til autoritetspersonen med merksemd for å unngå nye smertefulle responsar. Det var jo som vi hugsar viktig å lytte til fascistane for å unngå eit nytt 22.juli, heilt i tråd med den tvilsomme trykkokerhypotesen. Kan hende den utbredte trua på denne hypotesen etter 22.juli – ei hypotese som til dags dato ennå ikkje har vorte støtta av truverdige empiriske data – ikkje berre dreier seg om sedvane etter årevis med indoktrinering, men òg at denne undermedvitne faktoren har spilt ei rolle? Kor godt kjenner vi eigentleg oss sjølve? Kor ofte vender vi blikket innover?

Når aktørar som Document, Resett, Human Rights Service, SIAN, FRP og andre har spreidd sine hatefulle bodskap dei siste ti åra, har dei kunna så sine frø i meir fruktbar jord enn tidligare. Ytre høgre sine rammefortellingar har fått dominere stadig meir, og somme har vorte såpass normaliserte at ein kan finne dei att i store delar av det politiske etablissementet. Dette er som nemnd ei utvikling som har pågått lenge, men har òg skoten fart etter 22/7. Det er framleis slik at dei fleste er positive til innvandring, men her er det ikkje så mykje snakk om haldningar på overflata som dei større narrativa som dannar ramme for korleis vi tenker om samfunnet. Det er meg bekjent ikkje gjort undersøkingar som synar at fleire idag trur på t.d Eurabiakonspirasjonen enn før 22/7, men når vi snakkar om normalisering av rasisme og anna hat, handlar det vel så mykje om det at ein god del folk i dag tør å skrive på internett med fullt namn dei grove tinga dei tidlegare skreiv som anonyme. Det dei skriv har vorte såpass normalisert at dei tør å skrive under på det.

Ei viktig faktor i denne utviklinga er manglande motstand mot hatet: den generelle tendensen har snarere vore å legge til rette for at hatefulle aktører skulle få legge frem synspunkta sine i media for å nå ut til fleire. Det var visst noko med at meir rasisme i media skulle føre til mindre rasisme i samfunnet, eller noko – men som eg har påpekt før, har det å sleppe hataktørane til i media ein legitimerande effekt på hatet deira, og dette hevar òg terskelen for at vanlege borgarar engasjerer seg i kampen mot hatet.

Når vi i Noreg i så liten grad yter motstand, bidreg det til at normaliseringa skyt fart på meir enn ein måte: i tillegg til å nærast gjeve hataktørane fritt leide, vert det òg særs lite att som kan motvirke den valdsomme massepsykologiske effekten frå sjølve åtaket, nemleg tendensen vår til å ville gøyme seg under dyna og gjere det som trengs for å unngå at han (i overført tyding) vert sint att.

Metapolitisk terror

Om det er slik at massedrap kan få folk til å endre korleis dei stiller seg i verdispørsmål, altså frå til dømes sterk tilhenger av multikultur til å sette seg meir på gjerdet, vil det seie at vi her har å gjere med terror som metapolitikk. Dette er eit omgrep frå den italienske kommunisten Antionio Gramscis teori om kulturelt hegemoni, som vart appropriert av fascistar etter 1945 og har vorte det foretrukne verkemiddelet for det meste av europeisk fascisme siden den gong. Metapolitikk skil seg frå vanleg politikk på fylgjande måte: der vanleg politikk freister å få velgjarar til å stemme på eit spesifikt politisk parti eller ei sak, freister metapolitikk å endre dei kulturelle forutsetningane for korleis folk forheld seg til politikk i utgangspunktet.

Der til dømes ein FRP-ar vil freiste å få folk til å stemme på FRP ved å peike på at dei er negative til innvandring, vil ein metapolitisk fascist jobbe for at flest mogleg skal verte negativ til innvandring, slik at dei stemmer på innvandringsfiendtlege parti av seg sjølve. Det kan òg kome til uttrykk ved at ein FRP-ar freister å få folk i andre partiar som til dømes Arbeiderpartiet til å gå med på dei same framandfiendtlege premissa.

Medan vanleg politisk aktivisme jobbar med kortvarig tidsperspektiv, med blikk mot neste val, jobbar metapolitiske aktivistar langsiktig med eit perspektiv over fleire tiår. Den metapolitiske fascismen i Europa har no jobba jamnt og trutt i over 50 år for å endre dei kulturelle føresetnadane for politikk. Dei har lukkast i å innføre eit politisk klima der ein riktignok ikkje enno snakkar eksplisitt om rasar eller visse nasjonalitetar, men der ein likefullt omtalar muslimar som ein problembefolkning.

Det vi ser med desse massakrane er ein ekstremvariant av den fascistiske metapolitikken. Med bakgrunn i det same fascistiske tankegodset, sprenger fotsoldatane seg bokstaveleg talt eit hol i samfunnet og veltar murane for å få folk til å lytte og adlyde. No høyrer du etter, elles går det med deg som med dei andre! Dette skapar ny grobotn for at dei meir sofistiskerte og danna ytre høgre-aktørane kan gå under radaren og likevel nå ut til eit lydhørt publikum når dei seier “no er vi ikkje rasister berre av di vi vil hindre fleire barnefødslar i det somaliske miljøet“.

Samtidas fascistiske bodskap er ofte pakka inn i så mange tilforlatelege formuleringar at det ikkje utløyser dei mest høglytte alarmane i hovudet når ein høyrer det. Likefullt er resultatet at ein til dømes innser viktigheita av å stanse innvandringa og fjerne lovverk mot hatytringar. Når ein har gått med på det, er det kortare veg til å deportere dei som har komen hit, reversere likestillinga, og så vidare.

Desse to formane for fascistisk metapolitikk speler på lag med kvarandre. Dei sofistikerte og danna aktørane på ytre høgre tar sjølvsagt offentleg avstand frå dei som utfører vald, men er samstundes avhengig av dei. På bakrommet er óg tonen ein annan. Ingen må tru at ikkje leiinga i Sverigedemokratane har sine følarar i ulike rasistiske miljø landet rundt. Ingen må tru at ikkje leiinga i FRP er inneforstått med korleis stemninga er i lokallaga på beste vestkant og andre stadar der hatet mot sosialdemokratiet – som innskrenkar kapitalens og småborgarskapets vilkårlege makt over menneska rundt seg – framleis finst i stort monn.

Kampen fortsetter

Ti år etter terroråtaket ser utviklinga unekteleg ut til å gå feil veg. Ei av årsakane kan vere at menneske i det undermedvitne tar signalet frå terroristane, i von om å unngå traumar frå nye åtak. I såfall vil ei kvar von om at åtak som i 2011 og 2019 vil føre til at den breie befolkninga vaknar og engasjerer seg for å snu utviklknga vere fåfengt. Dét verker som ein noko drastisk konklusjon, men det er like fullt eit perspektiv eg trur vi lyt ta på alvor. Det fordrar òg at det viktigaste vi kan gjere for å unngå at utviklinga akselererer, er å hindre at slike åtak skjer igjen.

Det inneber at vi må forstå kva den høgrereaksjonen vi lever i eigentleg handlar om. Vi må forstå korleis kollektive traumar kan sette fart på normaliseringa, som igjen inspirerer til vald. Vi må vidare forstå korleis vald verkar på oss både individuelt og som samfunn. Vi må òg ta våre eigne indre liv på alvor til den grad at vi faktisk set mental helse på dagsorden i Noreg, ikkje av di fascismen kan psykologiserast vekk, men av di vi alle har en psyke og den påverkar korleis vi forheld oss til verda.

Vi må forstå at hat ikkje opererer på det rasjonelle planet, men på det emosjonelt-assosiative. Det let seg ikkje bekjempe i fjernsynsstudioet, gjennom skjermar eller i debattspaltane. Vi må forstå at media ikkje alltid er ei del av løysinga. Vi må kaste våre krefter inn, som Nordahl Grieg skreiv, og aktivt slå ned på fascistiske miljø og aktørar som normaliserar fascisme.

Vi må forstå at fascisme ikkje kan pratast ihjel, men må bekjempast med nebb og klør. Og det krev mot, og vilje til å konfrontere vår indre frykt og smerte.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s