Inga kontekst reddar Sam Harris

Sam Harris seier seg einig med PEGIDAs Ann Marie Waters i at folk på venstresida vil la “kvite kvinnar verte valdtekne”, og det er inga kontekst som kan endre på det. Trur du ikkje på det? Les her, lytt til innspelinga og døm sjølv.

Sam Harris. Koenig, LA Times.png
Sam Harris. Foto: Glenn Koenig, LA Times.

For nokre dagar sidan dukka det opp eit lydklipp på Twitter der ein kan høyre Harris, som er ein kjend nordamerikansk ny-ateist, podcast-vert og forfattar, seie at det finst folk på venstresida i Europa som er forberedt på å la “kvite kvinner” verte valdtekne av muslimske innvandrarar. Dette lydklippet har naturleg skapt stor furore, men kritikarar har bemerka at dette er eit kort lydklipp frå ein tre timar lang podcast som vart lagt ut for tre år sidan, og at det er dumt å berre ta utgangspunkt i det korte lydklippet utan å ta med konteksten. Eg skal difor gå gjennom innspelinga her og vurdere om det er slik at konteksten reddar dagen for Harris. Hint: Det gjer det ikkje.

Lydklippet stammar altså frå ein podcast frå 2016 som vart lagt ut på youtube og andre stader av podcastens vert, Eiynah Mohammed Smith. Denne podcasten heiter “Polite Conversations with Eiynah”, og den aktuelle sendinga er episode 17. Podcasten er som nemnd eit tre timar langt intervju med Sam Harris. I løpet av episoden kjem Harris med fleire yttarleggåande påstandar. Eit døme er då Harris uttalar følgande etter 27 minutter og 30 sekunder:

Harris paranoia-destruction of europe

Han held fram med å seie:

Harris paranoia-france civil war

Harris hevdar altså at vi no ser øydelegginga av Europa og at det er ein 50% sjanse for borgarkrig i Frankrike om 20 år. Dette verkar ikkje for Harris som “komplett paranoide” betraktningar, men det er nettopp det dette er. Dette er både djupt paranoide påstandar, det er óg feilaktige påstandar som manglar rot i røynda, men det som er viktigare å forstå er at slike påstandar matar rett inn i dei rasistiske vrangforestillingane vi finn i eurabia-konspirasjonsteorien.

Somme vil truleg innvende: “Rasisme? Harris seier dette handlar om kultur og ikkje hudfarge.” Ja, og det er nettopp det europeiske fascistar har sagt heilt sidan franskmannen Alain de Benoist og andre frå ‘la nouvelle droite’, eller ‘det nye høgre’ grunnla den fascistiske tenketanken GRECE i 1968. Dette miljøet jobba målretta for å revitalisere rasisme og fascisme gjennom å låne språkbruk frå liberale menneskerettsargumentar og venstreintellektuelle som Antonio Gramsci, noko som den britiske fascismehistorikaren Roger Griffin går gjennom her. Dei slutta å snakke om “rase”, og byrja heller å snakke om “kultur”, slik at det ikkje lenger handla om å undertrykke andre “rasar” eller verne den kvite “rasen”, men om å verne “vestleg kultur” eller “europeisk kultur” frå den dekadente kulturen i Midtausten og andre stadar, ved å hindre at det kjem innvandrarar og flyktningar. Dette var altså noko som ny-fascistar byrja med for over 50 år sidan, og i dag sit folk og lyttar på Sam Harris utan å forstå korleis det kan fungere rasistisk når han seier at kulturen frå Midtausten vil kaste Frankrike ut i borgarkrig og øydelegge Europa. Heldigvis er det stadig fleire som ser at dette er ytre høgre sine rammefortellingar.

Poenget er ikkje at Harris skal stemplast som rasist eller fascist. Eg er ikkje opptatt av kven som er rasist eller ikkje, som eg har poengtert før. Det viktige er å sjå på kva som er rasistisk tankegods, og å forstå korleis det vert sukra og sminka slik at folk ikkje kjenner det att, og å merke seg korleis det deretter vert ukritisk vidareformidla av skravleklassefolk som Harris.

Det mest kontroversielle sitatet

La oss så sjå å sekvensen med det aktuelle sitatet, som dukkar opp etter to timar og tjue minutt. Det byrjar med at Harris seier at han ikkje ville stemme på Donald Trump i det kommande presidentvalet, og at han har kome med mykje kritikk av Trump. Smith uttrykker at den kritikken har gjort ho glad, av di det å følge Harris har vore som ein berg og dalbane. Dømet ho gjev er då Harris anbefalte eit intervju med Ann Marie Waters, som stifta den nyfascistiske organisasjonen PEGIDA saman med Stephen “Tommy Robinson” Yaxley-Lennon og Paul Weston.

Harris svarar at han berre hadde sett det eine intervjuet og seier at ho høyrdes ut som han sjølve eller ein annan i same segment. Smith svarar at ho ikkje såg intervjuet, men at ho veit kven Waters er, mellom anna av di Waters hadde sagt til ho personleg at om ein ikkje er anti-innvandring, så er ein pro-valdtekt av kvite kvinner. Ho fortel deretter litt om Pegida og om korleis Weston ikkje vil at muslimar skal kunne vere folkevalgt, om korleis Yaxley-Lennon tek til orde for etnisk rensing av muslimar, og gjentek det Waters sa om at dei som er for innvandring er forberedt på å la valdtekt skje. Harris svarar:

“Men problemet er…, igjen, dette er eit område der.., dette er ein gråsone i den forstand at… ho har rett, når du ser på kva som har skjedd i Europa dei siste tolv månadane, så har du mange folk på venstresida som er forberedt på å la kvite kvinner verte valdtekne av muslimske innvandrarar. Eg meiner, det er folk som er forberedt på å sjølv verte valdteken.”

Smith: “Kva!??”

Harris: “Høyrde du historia om den tyske kvinna som vart valdteken av tre flyktningar eller ikkje-tyske migrantar, og då ho rapporterte denne valdtekta, var ho så redd for å fyre opp under rasemessige spenningar at ho hevda at ho vart valdteken av tre tyske menn, og etter vel 48 timar trakk ho dette attende og beskreiv dei riktigare, men det-“

Smith bryt inn med å vise til ei anna historie om ei tysk kvinne som fann på ein historie om at ho vart valdteken av muslimske innvandrarar.

Harris: “Javisst, men det som eg trur ingen kan med rimelegheit bestride er at det har vore ei bølge av seksuelle overgrep som venstresida føler ei slags forplikting til å ikkje rapportere om.”

Smith seier at det er galt å ikkje rapportere om valdtekt berre for å verne om enkelte grupper, men samstundes er det like galt å generalisere over alle som tilhøyrer same gruppe som gjerningspersonane.

Dei kjem inn på overgrepa i Rotherham, der Harris påpeiker at dette har vore underrapportert, og seier at dette undergrev liberale prinsipper og at “det er lett å beskrive dette som sjølvmordet til ein sivilisasjon.” Han seier at Waters lever mykje nærare denne hendinga enn det han sjølv gjer, og det er forståeleg at ho ser det i samanheng med innvandring. Han seier vidare at for dei som meiner at ein bør slippe inn i alle fall dei som passar best med vestlege samfunn, så bør ein likevel legge seg på ein linje der ein ikkje slipp nokon inn enn så lenge.

“Fram til vi forstår dette problemet, så ligg ansvaret på muslimar å bevise at dei bør få slippe inn, framfor at vi automatisk slepp alle inn og freistar å fikse problema i etterkant.”

Smith: “Ja, å sleppe alle inn vil ikkje fungere, men det vil heller ikkje funger å ikkje sleppe inn nokon i det heile.”

Harris: “Og eg er einig med deg i det, men eg kan forstå at somme har null tru på filtreringsprosessen. Vi kan ikkje eingang ha tru på at politiet vil etterforske valdtekt av hudnrevis og tusenvis av born som foregår over fleire år. Denne historia er sinnsjuk.”

Andre problematiske påstandar

Etter denne sekvensen går diskusjonen vidare og inneheld en del andre ytterleggåande påstandar. Ved 2:28:00 skuldar Harris politiets svikt når det gjeld vald mot kvinner i innvandrarmiljø på at ikkje-muslimske kvite politifolk ikkje vil verte anklaga for rasisme, at dei seier at dei ikkje forstår normane i kulturen deira og at dei har “drukke multikulturbrusen”. For Harris er det tydeleg at dette visstnok ikkje skjer når lyshuda kvinner går til politiet og fortel om vald og overgrep frå sin lyshuda ektemann, då slår visst politiet hardt ned på det. Dette kan sjølvsagt mangfaldige krisesenter for kvinner over heile Vest-Europa og Nordamerika avkrefte, men det hindrar ikkje Harris frå å få det til å verte venstresidas feil.

Han skuldar vidare på venstresida sin “masochisme” at britisk klassepoliti og millionæreid presse ikkje slo ned på overgrepa i Rotherham. Ein kan fint vere forbanna på det lokale Labour-byrådet som openbart har svikta, men er det noko heile venstresida skal ta skulda for? Representerer denne svikten ein kollektiv masochisme, eller er det berre menneskeleg svikt?

Den stråmannen er nå så sin sak, men han fortset med å seie at desse valdtektsproblema kjem i ein viss prosentandel av kvar “ufiltrerte” innvandrergruppe. Deretter seier han at desse problema, antagelig seksuelle overgrep, kjem fra ein spesifikk gruppe av innvandrere. Ein kan legge godvilja til og tenke at han meiner spesifikt at overgrepa i Rotherham skjedde i eit hovudsakleg pakistansk-britisk miljø, men det å seie at slike seksuelle overgrep kjem frå berre enkelte innvandrargrupper ignorerer framleis all forsking på området, og ikkje minst Saville-skandalen og omfanget av seksuelle overgrep mot born i britisk overklasse. Det er kort og godt feil, og det er demoniserande overfor ein heil folkegruppe. Kva skal ein kalle den typen ytringar? Korleis vil slike påstandar fungere?

Ved 2:31:00 snakkar Harris om jihadistar som kjem til Vest-Europa, altså Frankrike, Belgia, gjennom flyktninginntak (som etter det eg kjenner til har vist seg å vere eit heilt marginalt fenomen). Smith innvender at ein har allereie jihadistar i desse landa som radikaliserer folk, og Harris svarar “Ja, og dei eineste som er tilbøyelige til å la seg radikalisere til jihad er muslimer eller folk som har tenkt å bli muslimer” Smith innvender at ein ikkje kan sjå kven som har tenkt å verte muslim, og Harrs svarar at det stemmer, men ein kan sjå kven som allereie er muslim. Dette har ganske skumle implikasjonar. Kva meiner Harris med å seie slikt? Skal ein deportere alle som ser ut som muslimar, skal ein “berre” rettsforfølge dei eller gjeve dei som ser ut som muslimar kursing i å vere vestleg borgar?

Konteksten hjelper ikkje

Det er eigentleg fleire ting å ta tak i her. Til dømes endar Harris gjennomgåande opp med å omtale muslimar som eit problem, sjølv om han tar dei naudsynte atterhalda som han må for å ikkje verte kritisert for rasisme. Desse atterhalda tar form av “Ikkje alle, men mange/dei fleste”. På denne måten seier man at “det finst sjølvsagt nokre unntak men påstanden er framleis stort sett riktig”, og slik kan ein framleis generalisere etter å ha kvittert ut. Dette er ein retorisk figur som ein finn att i mykje pseudointellektuell islamofobisk agitasjon, og som Frode Helland har beteikna som “bekreftende nektelse” i hans grundige og innsiktsfulle tekst, Rasisme uten rasister i Norge, som er anbefalt lesestoff for alle nordmenn.

Det avgjerande spørsmålet her er imidlertid om det som Harris sa, altså at folk på venstresida vil la kvite kvinner verte valdtekne av muslimske innvandrarar, på nokon måte kan rettferdiggjerast av konteksten kring dette. Somme har fortalt meg at han berre fortel kva som er Waters sitt verdssyn. Det framstår som ein merkeleg tolkning når det som skjer her, som leseren sjølv kan sjekke ved å lytte til podcasten, er at Smith fortel at Waters seier at dei som er for innvandring er òg for valdtekt av kvite kvinner, og at Harris seier “Ho har rett.”

Harris seier ikkje dette: “For Waters er det slik at om ein ikkje er anti-innvandring, så er ein pro-valdtekt av kvite kvinner.”

Harris seier derimot dette: “Ho har rett. Om ein ser på kva som har skjedd i Europa dei siste 12 månadane er det mange på venstresida som er forberedt på å la kvite kvinner verte valdtekne av muslimske innvandrarar. Eg meiner, det er folk som er forberedt på å sjølv verte valdteken.”

Dette er ikkje å forklare kva Waters meiner, dette er å seie seg einig. Det kjem heller ikkje noko i diskusjonen i etterkant som rettferdiggjer dette.

Konklusjon

Det er kort og godt ikkje noko kontekst som reddar Harris her. Han forklarer ikkje Waters sin posisjon, han seier seg einig. Det er heller ingenting i diskusjonen om Rotherham-skandalen eller noko av det andre som rettferdiggjer utsagnet. Harris seier rett ut at folk på venstresida i Europa er forberedt på å la kvite kvinner verte valdtekne. Om vi ikkje skal umyndiggjere han, lyt vi ta han på ordet.

Dei som heile tida skal forsvare folk som Harris med henvisningar til ein eller anna kontekst, lyt faktisk ta innover seg den globale konteksten der fascistiske rammefortellingar om vestens nært foreståande undergang vert normalisert, og sjå på kva rolle Harris speler med slike ytringar.

One thought on “Inga kontekst reddar Sam Harris

  1. Fin og klartenkt tekst hvor du mestrer “show, don’t tell”-prinsippet. Det vil si, du viser til bevismaterialet og konkrete eksempler på at Sam Harris er ute og sykler (for å si det mildt). Har alltid hatt en mistanke om at Harris sin islamkritikk er rasistisk/etnosentrisk, og innlegget ditt bekrefter at det er tilfellet.

    Liked by 1 person

Leave a comment