“Anti-imperialistiske” Pål Steigan spreier rasistisk løgn frå Pentagon

Når Pål Steigan finn det for godt å vidareformidle imperialismens demoniserande artiklar om afghanske “valdtektsflyktningar” er det klart at det finnes andre og betre kilder å få antiimperialismen sin fra.

Steigan -afghanske
Skjermdump frå Steigans blogg.

16. juli 2017 publiserte Pål Steigan ein tekst på bloggen sin der han gjekk kjapt gjennom ein artikkel skrevet av Cheryl Benard i The National Interest. Steigans tekst fekk tittelen “Hva ligger bak den afghanske kriminalitetsbølgen i Europa?” og han skriv fylgjande om teksten han formidlar:

En kan ikke si at Cheryl Benard gir noe endelig svar på det spørsmålet hun sjøl reiser, men hun er ytterst tydelig på at problemet er stort og reelt, og at det er nødvendig å slutte å tie om det eller bortforklare det.

Det er vanskelig å avvise Benard med de vanlige anklagene. Bebreid ikke taleren, men ta hennes ord som en advarsel, som et kinesisk uttrykk sier. Artikkelen bør leses som ett av flere bidrag til den tøffe og vanskelige diskusjonen ikke minst venstresida må ta om disse temaene. Fornekting og bagatellisering av reelle problemer har aldri ført til noe godt. Det vil være svært skadelig å gi høyresida monopol på å ta opp disse problemene, for vi vet hva det vil føre til.

Afghanske “valdtektsflyktningar”

Vi må altså vere snille og faktisk ta den vanskelege diskusjonen om dette temaet. Vel, kva er så temaet? Jo, temaet er at det visstnok kjem ein mengde afghanarar til Europa som begår kriminalitet og seksuelle overgrep.

Benard nevner en rekke eksempler på at kvinner blir angrepet, seksuelt trakassert og også voldtatt av afghanske flyktninger. Hun mener at tendensen er så markant at den ikke kan overses eller bortforklares.

Dette er naturlegvis ein stygg sak. For å finne ut meir, las eg Benards artikkel og vart svært overraska og djupt vonbråten då eg såg at artikkelen ikkje innehaldt ei einaste kjeldehenvisning i det heile, utover påpekningar om at Benard har gitt ut ein del publikasjonar om islam, deriblant Civil Democratic Islam. Partners, Resources, and Strategies. At artikkelen manglar kjelder har óg Thomas Markus Kvilhaug peika på i ein kritisk artikkel på Radikal portal. Benard held seg her til historiar frå Østerrike, men skriv at ho kunne skrive det same om til dømes Tyskland eller Sverige. Når det gjeld Tyskland, har Der Spiegel tatt for seg den såkalla “rapefugee-myta” og teiknar eit anna bilete enn det Benard antydar.

Kva gjeld Sverige, så er det som kjent sant at tala på valdtekter viste ei drastisk auke dei siste åra, noko ytre høgre nyttar for å skulde på flyktningar og innvandrarar. Som Tjomlid har vist, handlar det berre om at Sverige har ei betre måte å registrere valdtekter enn kva til dømes vi i Noreg har. I Sverige har dei rett og slett lagt til rette for at kvar einaste valdtekt skal kunne registrerast. Om ein mann valdtek kona si kvar dag i eit år, vil det i Noreg registrerast som ein valdtekt, medan det i Sverige tél som 365 valdtektar, noko som berre er rett og rimeleg.

Elles er det på sin plass å påpeike at tal frå Noreg viser at 86% av valdtekter er relasjonsvaldtekter, der offeret vert valdteken av nokon som hen har ein relasjon til. Dette er typisk ektefeller, slektningar, vener, klassekameratar, naboar, kollegaer og liknande – og eit kjapt blikk på norsk demografi viser oss at det er meir enn rimeleg å anta at vanlege lyshuda norske menn utgjer det store fleirtalet av desse. Det går fram av tala at ein har gjort liknande funn i andre land, vi finn til dømes dette igjen i Spiegels gjennomgang, og det er rimeleg å anta at det same gjeld for Sverige som for Noreg og Tyskland.

Dette er for øvrig ikkje fyrste gang Steigan ser seg tent med å publisere usanningar om svenske forhald for å demonisere flyktningar. På biletet under ser vi skjermdump frå ein bloggpost publisert i 2015 der Malmø vert framstilt som nærast ein katastrofeby på grunn av at dei har tatt inn flyktningar og innvandring frå såkalla muslimske land. Som Thomas Markus Kvilhaug påpeiker i sin gjennomgong, så vél vår gode anti-imperialist her å gløyme alt om klasse, kapitalmakt og det å fylgje pengane til fordel for å legge skulda på muslimane, heilt utan å nemne den substansielle framgongen som har funne stad i Malmø over lang tid.

Steigan -malmø
Skjermdump frå Steigans blogg.

 

Tulln i Østerrike

Attende til Benards artikkel. Vi ser altså allereie her at historia om valdtektsflyktningar slår sprekkar. For å gå meir konkret inn på det Benard nemnar, kan vi til dømes ta for oss denne påstanden:

A few weeks ago, the Austrian city of Tulln declared a full stop to any further refugee admissions. As the mayor made clear, that decision was aimed at Afghans, but for legal and administrative reasons it could only be promulgated in a global way. That had not been the city’s intention—to the contrary, it had just completed the construction of an expensive, brand-new facility for incoming asylum seekers, which would now, the mayor declared, be given over to another purpose. His exact words: “We’ve had it.” The tipping point, after a series of disturbing incidents all emanating from Afghans, was the brutal gang rape of a fifteen-year-old girl, snatched from the street on her way home, dragged away and serially abused by Afghan refugees.

Det hevdast altså at den østerriske byen Tulln har vorte tvungen til å nekte å ta i mot fleire flyktningar av di det har kome afghanarar og valdtatt omtrent alle saman. Igjen vert dette lagt fram utan kjelder, men bevares, vi kan jo google. Nettsøket finn fram til berre to kjelder som ikkje er nettstadar frå ytre høgre: ein tabloid gratisavis og ein lokalavis frå naboregionen. Etter å ha rådspurt kontaktar i Østerrike vart eg i tillegg henvist til følgande to kjelder, her og her.

Hendelsen Benard omtalar har funne stad: det var ei 15 år gamal jente som vart gruppevaldteken av menn med flyktningbakgrunn. Likevel, av desse kjeldene er det berre den tabloide gateavisa som hevdar at det er snakk om eit permanent inntakstopp av flyktingar. Dei andre omtalar det som eit midlertidig stopp, riktignok på ubestemt tid – men som det går fram av den kristen-konservative ordførarens uttalelsar, er det snakk om ein pause så lenge etterforskinga pågår. Det er også verdt å merke seg at inga av desse kjeldene nemnar noko om ein “serie hendelsar” – det handlar berre om dette eine åtaket som vert omtalt. Det er ein grusom episode, men det er berre ein. Dette med ein heil serie hendelsar har eg ikkje funne nokre respektable kjeldar på, og det ser ut til å berre vere noko Cheryl Benard finn på.

Utifra det vi har kome fram til ved å sjå nærare på denne eine påstanden, er det grunn til å mistenke at dei andre påstandane har omtrent same sanningsgehalt, altså at det er snakk om overdrivingar og feilvinklingar. Det vi lyt hugse på er at når desse overdrivelsane og feiltolkingane og unnlatingane kjem saman i ein artikkel som dette, så utgjer resultatet rein løgn.

 

Demoniserande språkbruk

Benard sin artikkel er full av dehumaniserande retorikk. Det fyrste dømet møter vi tidleg på fyrste sida, med uttrykket “refugee tide”. I dag er vi så vand med å sjå denne typen språkbruk at dei fleste av oss truleg ikkje merker det, men når ein tenker etter er det relativt openbart at å omtale flyktningar som “flaum” eller “flodbølgje” er å dehumanisere dei, i det at ein gjer dei til ein umenneskeleg masse som verkar trugande. Dette har det vore skriven mykje om, mellom anna her, og eg skal ikkje bruke mykje plass på dette utover å nemne at Klaus Theweleit har dokumentert korleis vass-metaforar som “flaum”, “bølgje”, “sump” og liknande var sentral i tidleg nazistisk propaganda.

Likedan med andre frasar Benard nyttar, som “epidemics of young Afghan men”, “they lose their grip on sanity and their hormones run away with them”, “they are smug parasites leeching off the gullibility of Sweden’s taxpayers”, og “rampaging across Europe like the worst sort of feral beasts.”

Desse formuleringane utgjer det Nick Haslam frå Universitetet i Melbourne kallar animalistisk dehumanisering, som står i motsetning til mekanistisk dehumanisering. I mekanistisk dehumanisering vert likna med ulike formar for livlause eller sjellause objekter, ting som på ulike måtar er mindre levande enn menneske. I animalistisk dehumanisering vert menneske likna med dyr. Her vert til dømes afghanske flyktningar kalla parasittar og iglar. Å la hormona ta overhand, slik at ein handlar på instinkt, er noko vi assosierar med ville dyr, noko Benard skriv ganske eksplisitt i det siste sitatet der. Kva gjeld formuleringa om “epidemi” og “flaum”, så er det meir tilfelle av mekanistisk dehumanisering. Flyktningar vert likna med virus og bakteriar, eller med naturkatastrofar.

Denne språkbruken, saman med den totale mangelen på kjeldehenvisningar, peiker på underliggande fordommar hjå forfattaren. Eller kva skal vi seie om sitat som dette:

“Afghan refugees, he says, have a particular proclivity to play the system: to lie about their age, to lie about their circumstances, to pretend to be younger, to be handicapped, to belong to an ethnic minority when even the tired eye of an Austrian judge can distinguish the delicate features of a Hazara from those of a Pashtun.”

Afghanare er altså meir tilbøyelege til å snylte på velferdssystemer og å fortelle løgnar. I tillegg er det visst openbart at om ein skal avgjere om ein person tilhøyrer ein minoritet er det nok å sjå på andletet. Folk frå Hazara-minoriteten, som generelt deler utsjånad med typiske aust-asiatiatar, har altså “delikate trekk”, tydelegvis i motsetning til den afghanske majoriteten pashtun, som deler trekk med arabiske folkegrupper. Om dette peiker på ei umedviten rasisme hjå Benard er vanskeleg å avgjere her og no, men ved ettertanke så er dette uansett ein rar ting å skrive.

 

Kven er Cheryl Benard?

Etter at vi har vore gjennom påstanden om afghansk valdtektsbølge i Sverige og Tyskland, ser dette altså ut til å berre vere vissvass frå Benard. Det kan difor vere interessant å sjå nærare på kven Benard faktisk er. Ho jobbar til dagleg for Rand Corporation, ein tenketank som er tilknytta United States Armed Forces, og som er finansiert av staten, av private fond, universiteter og private individ. Alex Abella har skrive boka Soldiers of Reason: The Rand Corporation and the Rise of the American Empire, som kartlegg Rand Corporation, og tittelen gjev ein peikepinn på kva slags organisasjon dette her er.

Rand Corporation er, i fylgje denne bokomtala av Abellas bok, nemleg det President Eisenhower hadde i tankane då han åtvara mot det militærindustrielle komplekset, og tenketanken var sentral i å få USA med i Vietnamkrigen. Benard er elles gift med Zalmay Khalizad, ein kjent nykonservativ som har vore nordamerikansk ambassadør til FN, Afghanistan og Irak.

Når det gjeld magasinet artikkelen er trykka i, The National Interest, kan ein lese frå deira eiga nettside:

Over almost three decades, The National Interest , founded in 1985 by Irving Kristol and Owen Harries, has displayed a remarkable consistency in its approach to foreign policy. It is not, as the inaugural statement declared, about world affairs. It is about American interests. It is guided by the belief that nothing will enhance those interests as effectively as the approach to foreign affairs commonly known as realism—a school of thought traditionally associated with such thinkers and statesmen as Disraeli, Bismarck, and Henry Kissinger. (…) A reflexive substitution of military might for diplomacy, of bellicose rhetoric for attainable aspirations, dramatically weakened rather than strengthened America’s standing around the globe.

Dette magasinet handlar heilt eksplisitt om å fremje Nord-Amerikanske interessar, og vart grunlagt av ein av dei fremste neokonservative ideologane, Irving Kristol.

Her har vi altså ein artikkel om afghanske flyktningar, heilt utan kjeldehenvisningar, skriven av ein aktør tett knytta til det Nord-Amerikanske militær-industrielle komplekset og publisert i eit magasin som eksplisitt er ute etter å tene Nord-amerikanske interessar og som meiner at militæret i så måte er betre enn diplomati – vidareformidla på Steigans blogg. Er det dette som er antiimperialisme?

Ein kan gjerne innvende at sjølv om artikkelen ikkje inneheld konkrete kjeldehenvisningar utover å nemne ei avis og anbefale eit google-søk, så skriv forfattaren dette basert på forsking som ho har lansert i sine publikasjonar. La oss difor sjå nærare på kva ho har publisert. Steigan nemner “Eurojihad – Patterns of Islamist Radicalization and Terrorism in Europe” som har fått kritikk for trøblete definisjon av radikalisering. Vi har óg pamfletten Civil Democratic Islam frå 2003 som allereie har vore nemnd.

Dette er i røynda ikkje anna enn eit strateginotat gitt ut av Rand Corporation, viser det seg. Ei gruppe på seks studentar frå Georgia State University gjorde ei djupgåande analyse av Benards pamflett. Kritikken deira gjekk mellom anna ut på at Benards tilnærming til islam som religion utgjer det Edward Said kalla Orientalisme. Benards framstilling er nedlatande og generaliserande, prega av faktafeil og samansausar mange ulike tema og ikkje minst ulike tendensar innafor islamsk tru. Ho gjentar til dømes den islamfiendlege myta om at å gå med hijab er ei politisk ytring til støtte for islamisme. Benard nyttar vestlege sjablongar av undertrykte muslimske kvinner som grunnlag for vestleg innblanding, noko som vert gjentatt her (s.8) av Professor Mitra Rastegar:

In making perspectives on hijab (modest Muslim clothing, particularly the
headscarf) or women’s role in public life a litmus test for potentially terroristic
proclivities, the RAND Corporation adds another dimension to Western discourses about the oppression of Muslim and third world women. Indeed, there
is a long history of Western colonialists and liberal feminist discourses about
third world women in need of liberation from patriarchal traditions imposed
by third world men (see, e.g., Spivak 1988; Mohanty 1991; Abu-Lughod
2002). (…) ‘Saving Muslim Women’ from Islam and
authoritarianism has served as one justification of the wars in Afghanistan
and Iraq (and possible war in Iran), but has faded from public discourse
once such ‘liberation’ proved elusive.

Benard framstiller “islam” som Den Andre, som vestens kulturelle erkefiende. Dette er i tråd med Samuel Huntingtons bilete om krigande sivilisasjonar i The Clash of Civilisations, som vart kritisert mellom anna i Europe and the Islamic World med utgangspunkt i at det ikkje gjev meining å dele menneske opp i ulike sivilisasjonar, av di vi er ein og same sivilisasjon.

Pamfletten er også prega av Benards ynskje om å bygge ein versjon av islam som er meir vennleg innstilt til vestlege interesser. Her skil ho mellom anna mellom fundamentalistar og tradisjonalistar innafor islam, der tradisjonalistar i utgangspunktet kan verte gode allierte i å bygge opp ein meir moderat og demokratisk innstilt islam. Likevel kan ein ikkje lite på tradisjonalistar, av di dei gjerne viser seg å eigentleg vere fundamentaslistar eller i alle fall sympatisere med dei.

Fyrst må ein nemne, slik student Zaynab T. Ansari påpeiker i dokumentet frå GSU, at dette ikkje er kategoriar som muslimar sjølv vedkjenner seg. Tvert om er dette noko Benard finn på og nyttar ovanfrå og ned på folkegruppane ho skriv om, noko ho gjer utan å la muslimar sjølve kome til orde. Det andre er at tanken om at ein tradisjonalist eigentleg er ein fundamentalist i forkledning er noko som speler på førestillinga om at alle muslimar bedriv “taqiyya“. Dette gjev muslimar lov til å skjule at dei er muslimar, og er i røynda ein religiøst tillete strategi for å verne seg sjølv som muslim om ein lever i muslimfiendtlege samfunn, noko mellom andre Utrop har vist. Dette vert ofte forvrengt av vestlege og islamfiendtlege røyster til å bety at alle muslimar som framstår som moderate, spesielt dei som bur i vestlege land, er grunnleggande løgnaktige og ikkje til å stole på. Her er vi langt inne i islamofobisk territorie.

Dette er berre noko av kritikken som kjem fra i studentanes analyse av Benards pamflett. Gitt desse ganske djupe problema i det ho leverte den gongen, lovar ikkje dette godt for truverdigheiten til Benards artikkel for The National Interest. Dette er ein altså artikkel som manglar kjeldehenvisningar, som overdriv og feiltolkar, som nyttar dehumaniserande språk om afghanske flyktningar, som nyttar indisiar for å framstille dei som velferdssnyltarar og tankelause valdtektsmenn. I tillegg er dette publisert i eit magasin som eksplisitt skal tene USA sine interesser, av ein forfattar som er gift med ein tidlegare neokonservativ ambassadør og som sjølv jobbar for ein tenketank tilknytta U.S. Armed Forces. Dette er mildt sagt lite truverdig.

Dei av oss som har antirasisme og antiimperialisme i ryggmargen vil med ein gong sjå alt dette som ein stor samling med raude flagg. Steigan ser inga av desse flagga. Han vel tvert om å vidareformidle denne teksten til eit norsk publikum og stille seg bak problemforståinga som Benard fremjer om afghanske flyktningar som seksuelle overgriparar, tilsynelatande utan at det melder seg nokre antirasistiske ryggmargsreflekser, ei heller  antiimperialistiske. Han gjer ikkje noko faktasjekk av påstandane, han går ikkje til noko djupe analysar av valdtektsstatistikk, han visar inga teikn til å verte skeptisk av at dette kjem frå ein som er tilsett i det nordamerikanske forsvarets tenketank. Tvert om ser det til at Steigan kjøper heile bodskapen ukritisk og han vél altså å vidareformidle det. Det ring ingen bjeller hjå Steigan når ein heil folkegruppe vert framstilt som valdtektsforbrytarar, truleg av di Steigan ikkje har nokre slike bjeller i det heile – han har rett og slett inga antirasistisk ryggmargsrefleks.

Steigan – som har rykte på seg for å vere meir antiimperialistisk enn deg, så antiimperialistisk at heile det norsk etablissementet skjelver i buksane, Steigan som liksom skal vere det mest antiimperialistiske som nokon gong har gått i to sko – vidareformidlar her det som i bunn og grunn er rasistisk løgn frå Pentagon. Det er ikkje utan grunn at ytre høgre flokkar seg til kommentarfeltet på bloggen hans, eller jamvel til Mot Dag-konferansen hans, som gjekk av stabelen berre for nokre dagar sidan med innlegg av mellom andre Lars Akerhaug frå kaksanes rasistblogg Resett, og med den kjende jødehataren Hans Jørgen Lysglimt Johansen i publikum.

Uavhengig av dette syner Steigan med denne teksten at han har vorte ein nyttig idiot for dei imperialistiske kreftane som driv splitt-og-hersk mot verdas solidariske rørsler. Folk på venstresida gjer lurt i å få antiimperialismen sin frå andre kjelder enn steigan.no.

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s