To sidar av same mynt

Skjermdump frå dagbladet.no

Likskapar mellom Amundsens rasehygienske utspel om bornetrygd og Solbergs nyttårstale kan fortelje noko om kvifor ho og høgresida som heilheit ikkje tar avstand frå han. Det handlar om makt, men óg om korleis ytre høgre forgiftar alt det kjem nær.

Per Willy Amundsen frå FRP uttalte nyleg motstand mot auke i bornetrygda, noko han grunngjev med at det vil oppmuntre somaliske familiar til å få fleire born. Dette utspelet har fått mange reaksjonar i pressa, men mange etterlyser reaksjonar frå leiinga i Høgre og FRP. Eit utspel har kome frå leiar i Unge høgre Sandra Bruflåt og byrådsleiarkandidat for Oslo Høgre Eirik Lae Solberg . Borne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland kommenterte til Dagens Næringsliv at slik politikk er uaktuell, og at det ikkje er greitt å bruke etnisitet som grunngjeving. I same artikkel går det fram at leiar Kristin Ørmen Johnsen (H) i Stortingets familie- og kulturkomité sluttar seg til kritikken, medan FRPs innvandringspolitiske talsperson Jon Helgheim slår fast at dette ikkje er politikk som er forankra i partiet.

Med unntak av KRFs Geir Jørgen Bekkevold, samt to lagsleiarar i FpU, er det så langt eg kan sjå ingen av desse som så langt har vore villig til å snakke om rasepolitikk eller rasisme i denne samanhengen. Det er likevel inga tvil om at det å ville innføre politiske tiltak for å syte for at bestemte folkegrupper får færre born er rein rasehygiene slik vi kjenner det frå mellom anna Balkan og USA. Å snakke om “fødselsproduksjon” når ein snakkar om innvandrarfamiliar er dehumaniserande retorikk. Det sorterer under det Nick Haslam frå universitetet i Melbourne kallar mekanisk dehumanisering, av di det liknar somaliske innvandrarar med fødselsmaskinar. Landets politikarar lyt absolutt kjenne seg komfortable med å kalle dette for rasisme, så det er inga grunn til å halde attende.

Likevel, utover dei kommentarane eg har nemnd, har det ikkje kome særleg respons frå det “anstendige høgre”. Krister Hoaas i Bergens Tidende skreiv laurdag at det har vore stille frå partileiinga, og oppfordra statsminister Erna Solberg til å ta eit oppgjer med Amundsen. I skrivande stund er det framleis tyst, fleire dagar etterpå og eg ville ikkje haldt pusten uansett. Både Erna Solberg og Siv Jensen seier at dei er i regjeringsforhandlingar og kan ikkje kommentere. Underforstått: å ta avstand frå rasehygiene frå ein tidlegare statsråd i same regjering er ikkje ein prioritert oppgåve.

Vi lyt hugse at sjølv om den same Amundsen nokre månader før 22.7 2011 tok til orde for eit korstog mot ein ubestemt trussel, som gitt dei andre ytringane hans må være muslimar, var ikkje dette til hinder for at han vart justisminister i regjeringa Solberg i 2016. Det er heller ikkje spesielt rart at Solberg ikkje har reagert på Amundsens utspel, for som dei fleste med minoritetsbakgrunn skjønte med ein gong, handla statsministerens nyttårstale om det same, berre formulert med omvendt forteikn.

Det gjennomgåande i talen var “vi”. Bodskapen om behovet for born kan oppsummerast som at “vi” må få fleire born, av di “dei” er ikkje gode nok. “Vi nordmenn får stadig færre barn. (…) Norge trenger flere barn”, men det handlar ikkje berre om at vi trenger fleire born som sådan, for då kunne vi jo berre ta inn fleire flytningborn. Det er visst ikkje ei løysing som ligg på bordet. Nei, vi må heller få fleire born som oss, fleire “norske” barn. I denne tankegangen fungerer “norsk” for alle praktiske formål som kode for “kvit”, og illustrerer kvifor “norskheit” er ein kvalitet som stadig vekk vert vurdert som uoppnåeleg for innvandrarar. Det er dette som ligger implisitt i nyttårstalen frå Høgres statsminister.

Det er ikkje vanleg i Noreg å omtale Høgre som et rasistisk parti, men vi gjer lurt i å hugse at det var Høgres tidlegare stortingsrepresentant Hallgrim Berg som i 2007 ga ut boka “Amerikabrevet: Europa i fare”, som fekk krass kritikk og som i fylgje sosialantropolog Sindre Bangstad vert rekna som det fyrste norskspråklege bidraget til den rasistiske eurabialitteraturen, som jo var en sentral inspirasjon for det fascistiske terroråtaket 22. juli 2011. Då boka vart gitt ut representerte Berg i fylgje Wikipedia Høgre på fylkestinget i Buskerud, og var og medlem av Kringkastingsrådet og Norsk Kulturråd. På boklanseringa deltok blant andre nåverande næringsminister for Høgre, Torbjørn Røe Isaksen.

Etter snart seks år ser vi at Høgre lever godt med å la FRP slippe unna med det aller meste av rasisme så lenge dei bidrar til at Høgre beheld regjeringsmakt. Kven som eigentleg sit med regjeringsmakta er kan ein undre over, all den tid FRP har mange av dei viktigaste statsrådspostane. Uansett kan statsministerens tale tyde på at den stilltiande aksepten frå Høgre truleg er i ferd med å gå over i meir eksplisitt rasisme, den typen tilsynelatande danna og moderat rasisme vi kjenner frå konservative miljø.

Det er interessant i lys av den ofte gjentatte myta om at det å ta ytterleggåande høgreparti inn i regjering vil ha ein ansvarleggjerande og modererande effekt. Tvert i mot ser vi at det motsette er tilfelle: det normaliserar ytre høgres narrativ og fører til at det spreier seg, noko som vert bekrefta av forsking. Samarbeidet med FRP ser ut til å ha forgifta Høgre i så stor grad at den einaste reelle skilnaden mellom statsministerens tale og Amundsens utspel er eit retorisk skilje. Solbergs tale og Amundsens utspel framstår som to sidar av same mynt, og det øvrige Høgres stillheit i etterkant får mange til å spørje om den “anstendige høgresida” ikkje berre var eit fantasifoster til sjuande og sist. Det verkar i alle fall ikkje som det er mykje tak i norske høgrefolk for tida og det er uansett tydeleg at å sette si lit til den “anstendige høgresida” i kampen mot rasisme er heilt fånyttes.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s