Samfunnets opningsmøte med mellom andre Helge Lurås gjekk omtrent som venta: Dei grundige kritiske spørsmåla glimra med sitt fråver, og Lurås fekk framstå som ein legitim aktør, trass i rasismen han publiserer.

Fredag 24. august inviterte Studentersamfunnet i Bergen til opningsmøte for semesteret. Møtet hadde fått tittelen “Den Tause majoriteten” og skulle ta for seg presseskikk og alternative medier, og stille spørsmålet om “korleis media kan skape ei mangfoldig debatt utan å verte talerør for det ekstreme”. Til dette møtet hadde ein mellom andre invitert redaktør i den milliardærfinansierte bloggen Resett, Helge Lurås. Eg kritiserte Studentersamfunnet for denne invitasjonen i eit innlegg i Studvest, av di dette ville vere å gje Lurås og Resett eit skinn av legitimitet som ville vere både heilt ufortent og direkte skadeleg. Ei slik legitimering av Resett ville også gje legitimitet til dei rasistiske konspirasjonsteoriane som denne bloggen publiserer. Min kritikk kom i forkant av arrangementet og vart truleg oppfatta som krisemaksimerande og pessimistisk. Difor er det no i ettertid interessant å sjå på kva som faktisk hendte på dette møtet.
Fyrst kan ein påpeike, som ein ven av meg gjorde, at å invitere Helge Lurås til eit møte med tittel “den tause majoriteten” er spesielt, i og med at Lurås korkje er taus eller majoritet. Panelet som var samla på scenen var óg spesielt samansatt: Det bestod av ytre høgre, representert ved Helge Lurås, høgresida generelt ved BT-kommentator og Høgre-medlem Frøy Gulbrandsen, sentrum ved Linda Noor frå Minotenk, og det offisielle Noreg ved jurist Erlend Andreas Methi, seniorrådgjevar i Noregs nasjonale Institusjon for menneskerettigheiter.
Dette var eit i utgangspunktet ganske ubalansert panel beståande utelukkande av folk frå sentrum, høgre og det generelle norske etablissementet. I og med at ein ville ta opp spørsmål kring mediemangfald og “det ekstreme”, og at ein dermed ville måtte diskutere veksten på ytre høgre, så er det påfallande at ein ikkje hadde invitert til dømes Antirasistisk Senter eller Organisasjon Mot Offentlig Diskriminering, som har mykje kompetanse på nettopp dette. Det er óg rart at ein ikkje hadde fått med nokre frå den politiske venstresida på denne diskusjonen, i alle fall om målet var ein “mangfoldig” debatt.
Resett er altså ein blogg som publiserer ganske openbar rasisme, som i fylgje Lurås sjølv har som mål å endre dei etablerte mediaaktørane og dra opinionen i retning ytre høgre, og som ikkje verkar spesielt ukomfortabel med å verte arena for hatkampanjar mot samfunnsdebattantar. I lys av mi bekymring for at dette møtet skulle verte nok ein arena der Lurås og Resett fekk framstille seg sjølv som legitime aktørar, ville det vere avgjerande at Lurås vart stilt til veggs med kritiske og grundige spørsmål. For sjølv om berre det at han vart invitert utgjer ei legitimering og normalisering i seg sjølve, så ville det være viktig å begrense skadeomfanget ved å gjere det klart kva slags prosjekt dette verkeleg er snakk om.
Diverre vart det lite av kritiske spørsmål frå møteleiar Jógvan Helge Gardar. Det fyrste spørsmålet til Helge Lurås var kvifor Resett var naudsynt. Her fekk Lurås framstille Resett som talerør for dei som står utanfor. Han kritiserte dei vanlege mediene som smale og prega av tette maktstrukturar, og for ikkje å vere uavhengige. Sjølv har Resett vore totalt avhengig av finansiering frå milliardærar som Øystein Stray Spetalen og Jan Haudemann-Andersen, og ein kan seie mykje om maktstrukturane det her er snakk om, men dette vart ikkje nemnd.
Då Linda Noor kontra med at Resett feilar med å vere talerør for dei som står utanfor, av di dette formålet vert undergravd av ei slapp redaksjonell linje som slepp gjennom mykje grums, fekk Lurås seie at dette grumset eigentleg er “legitime analysar”, utan at møteleiar reagerte. Noor freista å illustrere grumset ved å vise til eit innlegg der poet og samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali vart framstilt som, i Noor sine ord, “eit somalisk spyd i norsk offentligheit”. Sidan Noor ikkje kunne sitere tilfellet ordrett, og møteleiar Gardar ikkje ville la ho forfølge det kritiske sporet, gjekk det tilsynelatande ikkje opp for nokon til stades kor drøyt dette tilfellet av grums i røynda var, og Lurås fekk sno seg unna med å seie at Jirde Ali er ein samfunnsdebattant som Resett «pirka litt i». Dette er dog eit viktig moment i forståinga av kva Resett faktisk held på med, så vi lyt ta med sitatet her:
Jirde Ali, spissen på det somaliske og særdeles aktivt fødende, tunge spydet som er kastet inn i Norge, var uheldig som ble født i et «shithole country», hun kan ikke noe for det.
I fall det er nokon som ikkje ser korleis dette er rasistisk: Denne ytringa speler på myta om at påstått høgare fertilitetstal hjå norske muslimar utgjer ein demografisk krigføring som er eit ledd i ein pågåande muslimsk invasjon av Europa, i samarbeid med nasjonale politikarar over heile kontinentet. Dette kjenner vi som “eurabia-teorien”, som for alvor vart gjort kjend via Anders Behring Breiviks sine terrorhandlingar, sjølv om folk som Hege Storhaug, Bruce Bawer og Høgre-mannen Halgrim Berg har gjort mykje for å spreie denne konspirasjonsteorien.
Aller fyrst: Medan det er sant at kvinner som kjem til Noreg frå såkalla muslimske land statistisk sett har høgare fødselstal enn kvinner født og oppvaksen i Noreg, så er det også sant at desse fødselstala minkar, og fell vidare i løpet av ein generasjon. I klartekst tyder det at medan mødrene som kjem hit plar føde fleire born enn gjennomsnittskvinna i Noreg, så gjer ikkje døtrene deira det, dei ligg på omlag same nivå som andre – men dette høyrer du aldri frå Resett, SIAN eller Alliansen. Dette er berre eit av fleire sentrale tesar i Eurabia-teorien som ikkje held vatn ved nærare augesyn, noko ein kan lese meir om her.
Eurabia-teorien er ein rasistisk konspirasjonsteori, av di i tillegg til å hevde at det europeiske folk er offer for ein konspirasjon mellom muslimar og korrupte europeiske politikarar, så er det snakk om ein demonisering av ei heil folkegruppe, som i all hovudsak, og i allefall slik ytre høgre tenker om dei, består av mørkhuda menneske. Og dette var det Lurås kalte å «pirke litt i» Jirde Ali. Dette valde Resett å publisere, sjølv om dei i fylgje Lurås har “grundige redaksjonelle vurderingar”. Her kunne ein spurt Lurås om i kva grad publiseringa av denne rasismen skuldast ei slapp redaksjonell linje, som Noor kalte det, eller om dette vart publisert etter ei grundig redaksjonell vurdering. Det kom aldri slike spørsmål frå møteleiar Gardar, heller ikkje når Lurås sa at media kan øydelegge mykje for enkeltpersonar og påstod at Resett er opptatt av å fylgje prinsippa i Vær varsom-plakaten, eller når han snakka om “islamiseringa” av samfunnet.
Elles fekk Lurås fremstille seg sjølv som ein lun person som fekk publikum til å humre velvillig med gjentatte gongar. Grundige, kritiske spørsmål vart i tillegg ei mangelvare, dei spede forsøka som kom framstod som overflatiske og var prega av slapp forberedning. Difor vart resultatet nett slik eg forutsa: Lurås vart legitimert både i kraft av å verte invitert, men også ved han kunne parere alle forsøk på kritiske spørsmål relativt enkelt. Dette skuldast nok ikkje noko vond vilje frå Studentersamfunnet si side, men er truleg berre ei naturleg konsekvens av det at somme samfunnsspørsmål er for krevjande til at det kan taklast av folk som ikkje har jobba konkret med temaet over tid. Å skulle handtere nokon som Helge Lurås er rett og slett ei oppgåve som er for stor for folk generelt som ikkje gjer det naudsynte fotarbeidet i forkant som trengs for å sette han fast. Det krev nemlig ein del.
Oppsummert så var det ingen tilstades på scena som var i stand til å ta debatten med Lurås. Og sjølv om nokon der hadde klart å avkle han, ville det ikkje gjere noko forskjell for dei som er i målgruppa hans. Dei ser berre at han er på scena, ser smart og flott ut, og seier ting som harmonerar med deira eigne reaksjonære begjær etter å dominere andre. Slik er den legitimerande effekten som slike arrangement har. Resultatet av Samfunnets opningsmøte var nok fyrst og fremst at Lurås fekk nye følgjarar, iallefall om vi skal døme utifra det som vart sagt i publikum på veg ut av lokalet:
“Det er jo en grunn til at hun Sumaya fikk så mye kritikk da.”