Ytre høgre fekk bryte straffelova med politiets hjelp

Stopp Islamiseringen Av Norge kom til Bergen 4. august for å bryte straffelova og skape oppslutning for etnisk rensning – og kva gjorde myndigheitane?

Det har vore ein del rabalder kring det at SIAN fekk halde markering midt i Bergen sentrum, og ikkje minst korleis dei vart møtt. Dekninga i media i etterkant fokuserte på at markeringa vart forstyrra av motdemonstrantar, og BA skjønnmalte organisasjonen som “islamkritisk“. La oss fyrst sjå litt nærare på kva slags organisasjon dette er.

Kven er SIAN?

SIAN er ein organisasjon som vanlegvis vert omtalt av fagpersonar som rasistisk, av di det dei spreier ikkje berre er “islamkritikk” som dei hevdar. Eit typisk innlegg, appell eller “nyhendetekst” frå SIAN er i realiteten ei svovelpreken som generaliserar, essensialiserar og underordnar muslimar i forhald til ikkje-muslimske nordmenn. Dette er kjenneteikna på klassisk rasisme, i følge fleire fagbøker om temaet, deriblant denne. SIANs “islamkritikk” vert omtala som rasisme av di den generaliserar over muslimar som folkegruppe, altså at dei seier at det er visse eigenskapar som er tilstades hjå “mange” eller “dei fleste” i gruppa. Vidare er den essensialiserande i det at den omtalar desse eigenskapane som essensielle for dei som tilhøyrer gruppa. Til sist er den underordnande i den forstand at den plasserer desse menneska på eit lavare hierarkisk nivå i forhald til oss som ikkje er muslimar.

Ei anna retorisk strategi som har vorte utbredt dei siste tiåra, er å erstatte underordninga med eksklusjon, der muslimar vert framstilt som noko som ikkje passar med vår vesteuropeiske kultur. I denne retorikken, som kjem frå etnopluralismen og som er mykje brukt av nyfascistiske, identitære miljø, heiter det at alle rasar og kulturar er like mykje verdt, men at dei ikkje passar saman, og at ein difor må halde alle rasar adskilt. “Separate, but equal” som vi kjenner det frå raseskillelovane i USA og Sør-Afrika. Dette er altså ganske openbar rasisme, sjølv om ein må grave ørlite meir for å få tak på det.

SIAN er ein av fleire organisasjonar på ytre høgre som snakkar om repatriering som ei løysing. Repatriering er eit ord som vanlegvis refererer til det å returnere krigsfangar til sitt opphavelege heimland etter ein krig, men som og nyttast som henvisning til både frivillig retur og til deportasjon av flyktningar og innvandrarar. Det vanlege på ytre høgre er å snakke om frivillig retur av muslimar, noko som ein lyt forstå som eit retorisk grep for å framstå som humanist. Om ein grev litt i det, vil det kjapt kome fram at dei som ikkje vil returnerast frivillig, lyt returnerast med tvang.

Anten det er snakk om frivillig eller tvang, så er og forblir dette å fjerne ei folkegruppe som hovudsakleg består av mørkhuda menneske frå landet. Dette kallast etnisk rensing, uansett korleis ein snur og vender på det, noko mellom andre Øivind Bergh har påpeikt. Det er hovudsakleg mørkhuda menneske som vil verte repatriert, og det er hovudsakleg mørkhuda menneske som vært stigmatiserte av anti-muslimske hatytringar. “Islam er ikkje ein rase, difor er ikkje dette rasisme” kjem det ofte frå desse hatpredikantane, sjølv om det stort sett er mørkhuda menneske som vert demoniserte, og at det difor heilt klart er snakk om lett tilslørt rasisme. Det er nesten som dei sjølv innrømmer at om islam hadde vore ei rase, så hadde ytringane vore rasistiske. Det burde kan hende gje dei noko å tenke på i ein ideell verd.

repatriering er løsningen
Lars Thorsen frå SIAN bifaller at muslimar vil avvikle den “vår sivilisasjon” og konkluderer med at “repatriering” er den beste løsninga på problemet. Faksimile frå “Klabb og babb om hijab” på SIANs nettstad.
allemuslimer.png
Når SIAN snakkar om repatriering og deportering, passar dei gjerne på å berre snakke om å deportere islamistar. Men som vi ser her: Ein ikkje kan sjå forskjell på dei “gode muslimane”, altså islamistar og jihadistar, og dei “mindre gode muslimane”, det vil seie dei moderate muslimane. Altså utgjer alle muslimar ein trussel. Faksimile frå “Islam truer Norge” av Lars Thorsen.

SIAN er med andre ord kjent som ein rasistisk organisasjon, med ei lang historie med å kome med hatytringar som bryt med straffelovas §185. Ved markeringa på Festplassen kom det fleire slike ytringar. Til dømes kom det frå ein appellant at muslimar er 79 gangar meir “valdtektstilbøyelege” enn vestlege menn, noko som ein også finn att i ei av SIANs mange brosjyrar.

voldteksttilbøyelighet
Frå ein av SIANS brosjyrer der dei hevdar at muslimar er seksualpredatorar. 

Eit anna døme er då SIAN-leiar Stig Andersen hamna i replikkveksling med to mørkhuda motdemonstrantar på fyrste rad, noko eg sjølv vart vitne til. Motdemonstrantane ropte gjentatte gongar mot Andersen, og Andersen henvendte seg direkte til dei frå talarstolen, og etter nokre replikkvekslingar kom det frå Andersen: “Dere er apekatter!” Litt seinare vart eg og vitne til at ei SIAN-aktivist ba dei same motdemonstrantane om å gå heim og finne bananen sin. Det er nok liten grunn til å tvile på kva dette her er for noko.

StigAndersenApekatter
SIAN-leiar Stig Andersen henvender seg til mørkhuda motdemonstrantar. Faksimile: Bergensavisen.

Kva vil SIAN, og kva burde myndigheitene ha gjort?

Det er vanleg å seie at det rasistiske organisasjonar ynskjer er å lage mest mulig leven og få merksemd. SIAN har i alle år fått massivt med mediemerksemd når dei har hatt markeringar, utan at dei ser ut til å kome nokon veg eller oppleve noko vekst. Det er årsaka til at SIAN og liknande organisasjonar ikkje fyrst og fremst vil ha mest mogleg merksemd, men snarare å verte ein del av det gode selskap, og kunne stå i offentleg rom som ein normal del av norsk offentligheit og kunne rekruttere nye følgjarar i fred.

Når SIAN fyrst hadde fått tillatelse, var det difor viktig å forstyrre markeringa tilstrekkeleg slik at det vart ubehageleg for SIAN og deira sympatisørar å vere der. Det var dette motdemonstrantane ynskte å oppnå, å gjere det ubehageleg og flaut å vere sianist. Når ein lukkast med det, kan ein bidra til å redusere desse miljøa til berre den harde kjerna, noko som er ei av fleire effektive måtar å møte ytre høgre på. Eit godt døme på dette er Loldiers of Odin, som truleg hadde ei rolle å spele i at Soliders of Odin endte i  grøfta. På same måte er det at SIAN alltid har møtt høylydt, offentleg motstand truleg ei medvirkande årsak til at dei ikkje opplev vekst. I så måte er det forstemmande å notere seg at politibetjentane som var til stades valde å la SIAN bryte straffelova i fred, medan dei i staden gjekk omkring og oppfordra dei mest effektive motdemonstrantane til å jekke seg ned, og gjekk jamvel så langt som å bortvise dei – alt medan SIAN braut straffelovas §185 gong på gong frå talarstolen, under politiets innsatsleiar sitt skarpe overblikk frå sidelinja. Dette er midlt sagt ikkje noko som byggar opp tilliten til politiet i Bergen.

Dette byrja med at SIAN søkte 25. april om å leige Torgallmenninga. Kommunen innvilga å leige ut ved Sjøfartsmonumentet, medan politiet omdirigerte dei til Festplassen. Dette var både godt og mindre godt tenkt frå myndigheitenes side. Det var godt tenkt utifrå det at SIAN hadde søkt om å leie Torgallmenninga for å nå ut til folkemengda som var i byen i forbindelse med veteranbåtfestivalen Fjordsteam, men måtte heller nøye seg med å stå isolert på den relativt folketomme Festplassen. Ein har hatt eit ynskje om å halde dei unna publikum, og det er bra.

Det var mindre godt tenkt utifrå den forskinga som har kome frå Universitetet i Warszawa, som slår fast at jo meir rasisme ein tillet i det offentlege, jo meir vil rasismen vekse, av di folk vert desensitivert og avstumpa. Med bakgrunn i dette og i argument eg har servert i Rasisme, normalisering og media og Ytringsfridom, hatytringar og vald, er det grunn til å hevde at SIAN aldri burde fått løyve til å halde stand i det heile.

Vi har vore gjennom at SIAN er ein organisasjon som spreier rasistisk tankegods. Eg vil hevde at selve kjerneaktiviteten deira er lovstridig. Straffelovas §185 om hatytringar seier følgande:

§ 185.Hatefulle ytringer

Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring. Som ytring regnes også bruk av symboler. Den som i andres nærvær forsettlig eller grovt uaktsomt fremsetter en slik ytring overfor en som rammes av denne, jf. annet ledd, straffes med bot eller fengsel inntil 1 år.

Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres

a) hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse

b) religion eller livssyn

c) homofile orientering, eller

d) Nedsatte funksjonsevne.

Som vi har vore inne på, bryt SIAN §185 punkt a) og b) til stadigheit. Dette såg vi også på markeringa på laurdag. Å kome med hatytringar er kjerneaktiviteten til SIAN, og i forkant var det all grunn til å forvente brot på straffelova ved markeringa på Festplassen. Korleis bør myndigheiter og politi forhalde seg til situasjonar der det er høg sannleik for lovbrot? Kommunen forheld seg fyrst og fremst til utleigereglementet. Politiet på si side styrar etter politilova.

Politilovas §11 sier mellom anna følgande:

  • 11.Arrangementer på offentlig sted m.v. 
    Politiet kan forby arrangementer som nevnt i første ledd, men bare når det er grunn til frykt for at de kan forårsake alvorlig forstyrrelse av den offentlige ro og orden eller den lovlige ferdsel, eller det formål som tilsiktes fremmet eller måten dette skjer på, strider mot lov.

Denne paragrafen gjev politiet løyve til å forby arrangement når formålet med arrangementet eller måten det avviklast på er lovstridig.  Formålet med SIANs markeringar er jo som vi har sett å oppfordre til deportering av muslimar frå Noreg, noko som altså i praksis utgjer etnisk rensning. Dette er å fremme forfølgelse av menneske på bakgrunn av religion, og eigentleg på bakgrunn av hudfarge og etnisitet, noko som heilt tydeleg er ulovleg etter §185. Som påpeikt i Ytringsfridom, hatytringar og vald er ikkje dette eller øvrige hatytringar frå SIAN noko som er verna av ytringsfridomen.

Det vi såg 4. august var at myndigheitene i Bergen gjorde sitt for å legge til rette for at ei djupt rasistisk organisasjon fekk nytte eit av dei store byromma til å bryte straffelova og normalisere rasisme. Dette skjer i eit Noreg som i festtalar og appellar lovar å ta opp kampen mot rasismen og ytre høgre. Vi kan ikkje ha det sånn at vi er store i kjeften, men ikkje tør å fylgje opp med handling.

Det er difor all grunn til at vi heretter krev at politiet brukar hjemmelen i politilovas §11 og forbyr denne typen markeringar i framtida.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s