Rasisme, normalisering og media

37350867_10156339464010619_216233525836251136_n
Faksimile: Aftenposten 20.07.18

Når det ser ut til at rasismen har auka sidan 22/7, skuldast det mellom anna at vi har valt feil strategi. Når vi freistar å debattere rasjonelt mot oppfatningar som ikkje er basert på rasjonalitet, oppnår vi ikkje anna enn å legitimere det irrasjonelle som noko som er verdt å diskutere. 

På framsida av fredagens Aftenposten er det eit bilete av fire ungdommar som var tilstades under den fascistiske massakren på Utøya for snart sju år sidan, og som idag lever med nokre av konsekvensane av den normaliseringa av rasistisk og fascistisk tankegods som har pågått sidan 1980-talet og som har skutt fart i åra etter 22/7 2011. Dei fire er berre få av mange overlevande som ofte mottar truslar om drap og vald. I fylgje Kripos kan ein skarp auke i mottatte truslar i januar og februar knyttast til dåverande statsråd Sylvi Listhaug sin facebookpost der ho i bunn og grunn anklagde Arbeidarpartiet for å slippe IS-terroristar inn i landet.

I åra etter 22/7 har mange spurt seg kvifor både den generelle rasismen men også reine nynazistiske organisasjonar ser ut til å vekse, når det burde vere klart for alle kva slags ondskap dette er. Noko av svaret ligg i tilfellet med Listhaug sitt utspel mot AP, nemlig i at sentrale politikarar, samfunnsdebattantar og mediehus bidreg til å normalisere rasisme, og dermed legitimerer at vanlege folk kan hetse og truge.

Før vi går vidare, er det viktig å ta med at medan desse aktørane bidrar til å normalisere rasismen, så er det ikkje dei som produserer rasisme. Dei pustar på bålet – eller nokre gongar, kastar tennveske på bålet – men det er ikkje dei som får det til å brenne. Rasisme og fascisme spring utifrå eit menneskeleg begjær etter å dominere andre, eit begjær som vert produsert av den fremmedgjeringa og undertrykkinga som finn stad i hierarkiske samfunn. Det er kjensler som desperasjon, frykt og hat som ligg til grunn for rasisme og fascisme, og når desse impulsane tar overhand, som dei ofte gjer, er fakta og logikk heilt underordna det menneskelege behovet etter å gje uttrykk for desse kjenslene, noko blant andre Klaus Theweleit har forklart. Difor kan ikkje fakta endre på det verdensbiletet som rasismen skapar. Her er det altså to viktige poeng: Det fyrste er at medan dei aktørane eg omtalar her bidreg til å normalisere rasisme og legitimere den, så er det ikkje dei som skapar den. Det andre poenget er at sidan fakta og logikk er underordna i den rasistiske mentaliteten, så vil det ikkje hjelpe å møte rasisme med rasjonell argumentasjon.

Faktisk er det verre enn som så, for ikkje berre vil det ikkje hjelpe å møte rasisme med rasjonell argumentasjon, det vil i følge nyare forsking gjere problemet verre. I november 2017 vart det publisert ei artikkel frå Universitetet i Warsawa som syner at når vi vert eksponert for hatytringar, så fører det til at vi vert mindre følsomme for det hatet. Jo meir hatytringar vi vert eksponert for, desto meir avstumpa vert vi, og dette fører til at vi vert meir fordomsfulle og mindre solidariske med dei som er hatobjekta.

Dette går heilt på tvers av det som har vore den gjengse antakinga i den norske offentlegheita både før og etter 22.7 2011, nemleg at om ein berre tar debatten og slepp rasismen frem i lyset, så vil ein kunne beskjempe det med sakleg argumentasjon. I idéhistorien er dette kjent som “the liberal marketplace of ideas”, den liberale idémarknaden. Denne antakinga har lagt til grunn for korleis det norske samfunnet valde å kontre rasisme og fascisme etter Skøyen-fascistens massedrap den gongen.

Ein kan undre seg kvifor vi trur på dette. Theodor Adorno påpeikte allereie i 1951 at fascistisk agitasjon ikkje baserer seg på rasjonell objektivitet i det heile, men snarare på personåtak og på å piske opp stemninga. Fascistiske rørelser, skriv Adorno, baserer seg på å piske opp ei oppheita og aggressiv kjensletilstand slik at det mogleggjer ei undermedviten og nærast erotisk spenning hjå den enkelte. Medan desse freudianske betraktningane har vorte korrigert noko i seinare tid, til dømes av Theweleit, så står framleis konklusjonen seg: Det er fånyttes å skulle “ta debatten”.

Likefullt er det ei tru som dei fleste aktørar i dagens offentlege ordskifte har. Difor har Breiviks gamle jaktmark Document.no og den milliardær-finansierte bloggen Resett gjentatte gongar vorte invitert inn i det offentlege ordskiftet. Difor har Fritt ord gjeve stipend til folkemord-ideologen Fjordman, i tillegg til å la Thomas Knarvik gje ut sine rasistiske karikaturar på glansa papir. Jamvel har VG latt Fjordman slippe til for å forsvare Knarviks teikningar, og det ikkje fem år etter 22/7. Det er flust av dømer på korleis dei store medieaktørane i Noreg slepp til rasismen i den tru at ord i seg sjølve er ufarlege, men som filosof Lene Auestad påpeiker, kan ord fungere som små dosar med arsenikk som sakte forgiftar samfunnet.

Det er eigentleg utruleg. Det er ingen i Media-Noreg som ville brukt tid på å “ta debatten” med folk som meiner at jorda er flat, men når det er snakk om påstandar som “muslimar invaderar Europa”, “det er berre muslimar som valdtek” eller “mørkhuda menneske er i snitt mindre intelligente enn lyshuda menneske”, vert saka ein anna. Då er det ikkje måte på kor viktig det er å diskutere “nyansane”. Det er heilt latterleg.

 

Tilfellet Aftenposten

Utgangspunktet her er eit oppslag i Aftenposten, eit oppslag som er bra og som eg berømmer avisa for å publisere. Samstundes kan vi ikkje ta for oss korleis rasisme har vorte normalisert i Noreg utan å påpeike at Aftenposten er ein del av problemet. Oppgjennom åra har avisa fleire gongar gitt legitimitet til det som må karakteriserast som rasistiske konspirasjonsteoriar. Eit døme på det er då avisas italienske korrespondent, Kristin Flood brukte fleire artiklar på å omfamne den italienske Eurabiaskribenten Oriana Fallacis bok The Force of Reason, der europeiske muslimar vert omtalt som “breeding rats”. Flood skreiv aldri noko særleg til innvendingar mot bokas innhald, men valde heller å rose Fallacis “skarpe penn”.

Eit anna døme er når tidlegare kulturredaktør i avisa, Knut Olav Åmås, ved to ulike anledningar har anbefalt bøkene til ein annan Eurabiaskribent, nemlig den amerikanske nordmannen Bruce Bawer. Då Åmås vart konfrontert med dette i tida etter 22/7, forsvarte han seg med å seie at kritikken berre kom frå ytre venstre, og at han ikkje hadde anbefalt dei delane av boka som gav uttrykk for Eurabiateorien. Det er dog påfallande at Åmås sine anbefalingar frå leiarplass ikkje gav uttrykk for noko reservasjonar mot desse delane. Sikkert er det og at det ikkje var frå ytre venstre kritikken mot Åmås kom. Desse tilfella eg har nemnd er skildra i “Anders Breivik and the rise of Islamophobia” av sosialantropolog Sindre Bangstad.

Vi lyt også nemne at det var Aftenposten som var den fyrste avisa som slapp Fjordman til etter 22/7, då dei i 2013 let han få på trykk eit innlegg der han meiner seg knebla av media. Dette var heller ikkje noko eingongshending: sidan den gongen har Aftenposten publisert innlegg av Fjordman i 2015 og i 2017.

Eit sentralt moment som vi lyt hugse på er den tilliten folk flest har til media. De fleste har som utgangspunkt at det ville ikkje ha stått i avisa om det ikkje var noko i det – i allefall når det er noko som bekreftar verdsbiletet den enkelte har. Dei fleste vil tenke at Knut Olav Åmås ikkje ville gått god for Bruce Bawer om han ikkje hadde noko å kome med. Ein del vil også tenke at om Bruce Bawer er viktig nok til å verte anbefalt av Åmås, må det jo vere noko i det han skriv om muslimar. Det er slik legitimering fungerar. Difor er det veldig skadeleg når norske mediaktørar slepp til nærast alt av grums så lenge det har eit skinn av intellektuell finesse.

Kritikken eg no har retta mot konservative Aftenposten kunne også ha vorte retta mot til dømes venstresidas Klassekampen, som gjentatte gonger slepp til Hege Storhaug og andre distributørar av rasistiske konspirasjonsteoriar. Liknande kritikk kan også rettast mot Morgenbladet, VG, Dagbladet, NRK og så vidare. Det som står klart er at det i media finns svært lite kunnskap om kva slags fenomen rasisme og fascisme faktisk er og korleis dei fungerar. Sidan folk i skravleklassa ikkje veit kva dei driv med, og ikkje har vist vilje til å innhente kunnskap gjennom å konsultere fagpersonar innafor psykoanalyse, sosialantropologi, filosofi, så er det ikkje så merkeleg at ein ikkje har klart å stogge rasismen.

Det er berre nedslåande.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s