Det Johan Galtung sa

Videoopptak viser at Johan Galtung spreier vitskapeleg rasisme og antisemittiske mytar. Når folk med så stor påverknadskraft gjer dette, er det vår plikt å ta avstand frå det og ta eit standpunkt mot den pågåande normaliseringa av rasisme.

Den vitskapelege rasismen er på veg attende. Det har vi sett mellom anna ved at det har vorte heldt hemmelege konferansar om eugenikk ved University College London dei tre siste åra. Vi har også sett at rasehygienikaren Charles Murray vert stadig meir populær, og vart jamvel invitert til Noreg i fjor av miljøet kring Civita og Minerva. Han vart også invitert til Bergen av Studentersamfunnet, noko eg kritiserte. Folk frå Minerva, som påstås å tilhøyre den “anstendige høgresida” har kalt Murray ein “ytringsfridomshelt”. Trua på at menneska kan delast inn i rasar er stadig tilstades blant folk flest, også blant våre folkevalgte. Ein konferanse arrangret av filosof Lene Auestad i september i fjor satte fokus på normaliseringa av rasisme som har foregått dei siste tredve åra. Dei fleste på venstresida vil vere einig i at det er viktig å kjempe i mot denne utviklinga.

Vel og bra, men det er også dei som meiner at dette går over stokk og stein. Alle som har fulgt med har fått med seg at mangeårig fredsforskar og generell venstreintellektuell Johan Galtung har vorte anklaga for å å vere antisemitt eller å spreie antisemittisk tankegods. Dette har skapt ein del furore. Dette har pågått sidan omkring 2010, og har nylig blussa opp etter at den mildt sagt omstridte avisa Ny Tid nyleg inviterte Galtung til å snakke om rasisme og antisemittisme. John Færseth har i ei anmelding av dette temamøtet anklaga Galtung for å spreie antisemittiske myter, fyrst og fremst når det gjeld myta om den sionistiske krigserklæringa mot Tyskland i 1933, og vitskapeleg rasisme, nærare bestemt at Galtung skal ha snakka om langskallar og kortskallar. No er det lagt ut ein video frå møtet, slik at ein kan sjå sjølv.

Er Galtung antisemitt eller rasist? Eg er ikkje opptatt av kven som er rasist eller ikkje, fordi eg ikkje trur verda kan delast inn i rasistar og ikkje-rasistar. Om vi kallar nokon rasist eller antisemitt, har vi forventningar om at vedkommande skal vere eit slags monster, gjennomgåande ond eller på noko anna måte grunnleggande ulik oss. Sik er det skjeldan. Dei som spreier rasisme er veldig ofte vanlege folk som ein ikkje ville mistenkt for å være rasist. Rasisme er noko mykje meir subtilt og gjennomtrengande enn som så.

Rasistisk tankegods er noko som trenger seg inn overalt. Vi er alle tilbøyelege til å tenke, tale og handle på bakgrunn av rasistisk tankegods. Difor er det mykje meir interessant å sjå på kva som er rasistisk tankegods og korleis det kjem til uttrykk i samfunna våre. Om Galtung er antisemitt eller ikkje er altså mindre interessant, og eg kjem heller til å fokusere på om det han seier kan karakteriserast som rasistisk eller antisemittisk tankegods eller ikkje, og eg kjem heller ikkje til å felle nokre dommar over Galtungs akademiske produksjon eller avvise andre ting han har sagt eller skreve som kan vere givande isolert sett.

Færseth hevdar at Galtung deler menneska inn i fem distinkte rasar, som ein kan skille mellom både ved hudfarge og kranieform. Å dele menneske inn i ulke rasar er det vi kallar vitskapeleg rasisme. Ein kan kanskje tru at dette tyder rasisme som er vitskapeleg, men det er i røynda kvasivitskap som vert konstruert for å bekrefte rasistiske tankar og fordommar. Tanken om at menneska kan delast inn i fem ulike rasar er i seg sjølv rasistisk tankegods, som ikkje har grunnlag i noko vitskapelege funn. Dette vart fyrst avvist allereie i 1911, då den etter kvart berømte antropologen Franz Boas gav ut to bøker som utfordra den då dominerande trua på menneskerasar som ein realitet, «Changes in the bodily form of descendants of immigrants» og «The mind of the Primitive Man». Seinare vart tanken om ulike menneskerasar avkledd som uvitskapeleg tull av Boas-eleven Ashley Montagu, som i 1942 gav ut «Man’s most dangerous myth: The Fallacy of Race». Dette er berre nokre av dei mangfaldige vitskapelege verka skriven av biologar, antropologar og genetikarar, som alle slår fast at det ikkje finst forskningsmessig belegg for å tru at det finst ulike menneskerasar. Denne historia er oppsummert i Robert Wald Sussmans «The myth of race”.

Når det ikkje er vitskapeleg grunnlag for å tru at det finst ulike menneskerasar, finst det openbart heller inga grunn til å tru at hudfarge eller kranieform har noko betydning når det gjeld å dele inn menneska I ulike grupper. Dei som trur på dette er  gjerne folk som fyrst og fremst trur det finst rasar, og at dei ytre kjenneteikna mellom dei representerar og korrelerer med indre genetiske ulikskaper. Dette bygger på ein samansausing av det faglitteraturen kallar fenotype og genotype. Fenotype er dei ytre kjenneteikna, medan genotype er genetiske markørar. Forskninga dei siste hundre åra har gjort det klart at dei ytre kjenneteikna i liten grad reflekterer ulikskaper i genetikk eller biologi. Å tru at hudfarge eller kranieform har noko med noko meiningsfull inndeling av menneska å gjere er uvitskapeleg, og har djupe rasistiske konnotasjonar.

Færseth hevdar og at Galtung meiner at det forelå ein sionistisk krigserklæring frå jødar mot Nazi-Tyskland i 1933. Den sionistiske krigserklæringa er, som Færseth heilt korrekt påpeiker, ein gamal antisemittisk myte som vert nytta for å kunne i allefall delvis rettferdiggjere jødeforfølginga som foregjekk. Denne myta bygger på eit avisoppslag i Daily Express frå 1933, der overskrifta på framsida heiter «Judea declares war on Germany». Dette var ein grovt tendensiøs framstilling av det at jødiske leiarar, kjøpmenn og andre tok til orde for å boikotte det tyske regimet på bakgrunn av den valdsamt antisemittiske retorikken som det tyske nazipartiet førte. Det var denne avisframsida som inspirerte denne myta som sidan har vore framtredande i mange nazistiske og fascistiske organisasjonars agitasjon.

0119ide_faksimile_avisfaksimile Galtungs bok - den sionistiske krigserklæringa.jpg Faksimiler frå Færseths artikkel.

Så langt om vitskapeleg rasisme og antisemittiske mytar. Spørsmålet er no om det stemmer at Galtung har sagt det Færseth skriv at han har gjort. Færseth har tidlegare etter mi meining hatt nokre tvilsomme analyser og konklusjonar, men han har pleid å vere etterretteleg med fakta. Like fullt har diskusjonen rast mellom Galtung-fans og Galtung-kritikarar i påvente av at Ny Tid skulle legge ut videoen frå møtet, slik at ein kan høyre sjølv kva som vert sagt. Videoen har no vorte lagt ut, og den syner at Færseth rapporterer sanninga. Galtung deler menneska inn i fem ulike rasar basert på hudfarge og kranieform, og han seier klart og tydeleg at jødane erklærte krig mot nazi-Tyskland.

Lat oss gå gjennom det videoen viser oss. Videoen opnar med at Galtung definerer omgrepa rase og semitt. Han deler menneska inn i fem ulike rasar etter dei kjente fargekodane kvit, gul, brun, svart og raud, og seier at dei ulike rasane «are distinguished by the shape of their head», altså at rasane kan skillast frå kvarandre ved å sjå på kranieform, det han like etter kallar kortskallar og langskallar. Han skriv vidare at rasane bur i ulike geografiske sonar. Den kvite rasen er ein minoritet, så ein skulle tru at vi hadde vet til å respektere dei andre rasane. Vidare seier han rase er viktig fordi det er så synleg, men det er uklart kvifor han meiner at det at det et er synleg er noko som gjer det viktig.

Deretter skil han mellom to ulike semittiske folkegruppar, arabarar og jødar, som han begge definerer som kvite. Jødar utgjer 0,2% av verdas befolkning, men utgjør ein stor del av den intellektuelle og skapande produksjonen, av di dei er veldig kreative og smarte. Dei stiller mange spørsmål. Ein skilnad mellom jødar og arabarar/kristensemittar er at jødar stillar spørsmål og leiter etter nye sprøsmål, medan arabarar og kristne berre er ute etter endelege svar.

Andre påstandar Galtung kjem med er at anti-kvite fordommar aukar i omfang, wikipedia er i stor grad redigert av jødar og at Goldman Sachs, som han omtalar som eit leiande og stort sett jødisk firma, har eit ansvar for å motvirke antisemittisme og kan gjere dette ved å oppnemne ikkje-jødar til sine styrer. Galtung seier at dei har gjort dette, og samstundes vorte «reint jødisk», utan at han forklarar nærare kva han meiner med dette. Galtung understrekar at han er opptatt av å vete kva antisemittisme er og avkrefte det. Det interessante er det neste han seier, nemlig at om ein bekrefter fordommar, lyt ein ikkje vere overraska over at det heldt fram.

Deretter vart det tid for spørsmål. Dei mest interessante spørsmåla kom mot slutten, då Shoaib Sultan frå Antirasistisk senter tok mikrofonen. Han påpeikte fyrst at antisemittisme må forstås i sin kontekst, som eit omgrep på hat mot jødar, på same måte som islamofobi må forstås som hat mot muslimar og ikkej frykt for islam. Galtung svarte at han nyttar antisemittisme slik det vert nytta utanfor den vestlege verda, altså som hat mot båe dei to semittiske folkeslaga han nemnde, altså jødar og arabarar.

Sultan spurte vidare kva Galtung meinte med kortskallar og langskallar. Galtung svarar at det er ulike kranieformar, og at dette korrelerer med hudfarge. På spørsmål om kvifor det er viktig, sa Galtung berre at det er viktig fordi det er synleg. Han fortsatte med å seie at når han kjenner på kranieforma til si japanske kone når han klemmar ho, er det ei anna kranieform enn den som hans tidlegare norske kone hadde. Dette vart møtt med utbredt latter i publikum. Galtung sa deretter at sidan publikum no har skjønt det, ville han freiste å forklare det så enkelt at sjølv Sultan ville forstå det, nemleg på ein veldig simplistisk måte. Her vart Galtung avbroten av ordstyrar, så vi får ikkje vite kva innsiktar Galtung her skulle legge for dagen. Det som er tydeleg er at Galtung ikkje hadde mykje respekt for Sultan som kom og utfordra han på det han hadde sagt, jamfør formuleringar som “so that even he can understand it” og “on a very simplistic level”.

Det at Galtung kan ha vorte provosert av Sultans spørsmål kan forklare måten han svarte på det neste og siste spørsmålet, som kom fra John Færseth sjølv. Færseth og Galtung har også ei historie der Færseth har anklaga Galtung for antisemittisme, noko som også kan spille inn. Det som uansett hendte var at Færseth konfronterte Galtung med noko han har skrive om “den sionistiske krigserklæringa” og lurte på kva han meinte med dette. Her svarte Galtung rett ut: “They decleared war.” Færseth svarte at det ikkje stemmer at jødane erklærte krig mot Tyskland, men Galtung haldt fast på at dei erklærte krig, på same måte som armenarane erklærte krig mot Tyrkarane i opptakta til det armenske folkemordet. Då Færseth framleis protesterte, vart Galtung ganske tverr og ba Færseth gje han eposten sin så skulle han sende dokumentasjon på at jødane erklerte krig mot Tyskland. Då Morgenbladet gjekk i trykken hadde ikkje Færseth mottat noko slik epost, og det er uvisst om denne har kome sidan då. Om Galtung ikkje har sendt noko slik epost, er ikkje det så veldig rart, i og med at det slett ikkje finst noko dokumentasjon på dette.

Møtet vart avslutta etter dette. Utover dei tinga vi har sett på så langt, var det Galtung sa relativt tilforlatelege greier. Galtung har ei høg stjerne i nokre miljø på venstresida, der han vert rekna som ein slags anti-imperilistisk stjerneintellektuell som har stor viktigheit for venstresida. Likevel sa han ikkje noko på dette møtet som ingen andre seier. Dei andre tinga Galtung seier og skriv er heller ikkje unike. Om vi deler inn det Galtung seier i kategoriane “godt” og “ikkje godt”, så ser vi at dei gode ytringane hans er stort sett ganske ordinære og gjengse på venstresida, medan dei mindre gode ytringane hans er riv, ruskande gale. Galtung tilbyr oss i dag heilt ordinære analyser som er openbare for alle som tenker prinsipiellt anti-imperialistisk og solidarisk, samstundes som han også spreier klart rasistisk og antisemittisk tankegods.

Galtung er ikkje noko unik kjelde til kunnskap, han leverer ikkje lenger noko som kunne rettferdiggjere det vonde han spreier. Galtung verkar i det heile å miste grepet. Difor vil eg seie at folk på venstresida trygt kan ignorere Galtung og avstå frå å gje han legitimitet. Det er fordi at når ein gir legitimitet til ein person, gjev ein også eit skinn av legitimitet til denne personens ytringar og påstandar. “Galtung har sagt det, då må det vere noko i det, han ville ikkje sagt noko usant”. Diverre så er det nettopp det han har gjort, i likskap med mange andre som mister grepet.

Medan dei som leser dette kanskje ikkje trur at folk kan godta ting berre fordi Galtung eller ein annan skikkelse har sagt det, så er det faktisk slik at det finst folk der ute som er såpass kritiske. Det ser vi på korleis rasisme vert normalisert i samfunnet. Difor bør vi slutte å gje Galtung legitimitet, og gjere det klart og tydeleg at venstresida ikkje aksepterer spreiing av vitskapeleg rasisme eller antisemittiske myter.

Det er nemleg ikkje så tydeleg i dag.