Medan dei fleste som lir av traumer og anna smerte fungerar fint i samfunnet, vil det alltid vere somme som vert irrasjonelle og hatefulle – og dette er ei av målgruppane til dei som spreier rasistisk og fascistisk tankegods.
Denne saken går kring på facebook i dag, av gode grunnar. No har jo Aftenposten forutsigbart nok kategorisert dette under “karriere”, og dei fleste vil naturleg nok vere sjokkerte over å lese om overgrep mot born, men det er vel så viktig å merke seg denne saken på grunn av kva det seier om oppveksten til folk som vi deler samfunn med.
Kristian Tangen seier til Aftenposten:
– Jeg har saker der barn nærmest blir torturert som straff hjemme av foreldrene. Det er en sånn krigsfangetortur, slikt som er ulovlig i krig – det utfører folk mot sine egne barn.
Omfanget av overgrep er generelt større enn kva vi liker å førestille oss, og dette er ein påminnelse om kva menneske i Noreg har opplevd. Dette er menneske som vil vere djupt traumatiserte, og om dei ikke får behandling, som jo dessverre er tilfellet for ein viss andel, vil dei bere på ei stor mengde smerte som påverker dei i det daglige.
Menneske som ber på så mykje smerte vil ha vanskelig for å fungere i samfunnet på same måte som oss andre. Dei kan gjerne vere velfungerende i den forstand at dei har jobb, familie, etc, men det som kan være tilfellet når dei ikkje får behandling, er at dei er i mindre grad enn andre folk i stand til å ta avgjerelsar basert på rasjonelle argument. Dei kan i større grad la seg påvirke av undertrykte kjensler og impulsar, og eit valdsomt sinne kan gjere seg gjeldande og drive fram eit hat som leiter etter syndebukkar.
Det er viktig å understreke at det ikkje er slik at folk som sliter med traumer eller har PTSD er irrasjonelle eller hatefulle. Ei heller er det slik at alle vanlege folk er spesielt rasjonelle, mennesket er ikkje eit spesielt rasjonelt dyr, uansett kor mykje me liker å tru det. Det som er poenget her er at det vil finnest menneske i samfunnet som er skada og sinte, og at desse kan være mykje meir mottakelig for hatretorikk og fascistisk propaganda enn folk som har hatt en normal oppvekst. Dei som er i ein slik tilstand er faktisk ein del av målgruppa til rasistiske og fascistiske organisasjonar, og når vi gir rasisme ein plattform, f.eks når ein inviterer dei til debattar i ulike Litteraturhus rundomkring i landet, slik som vi såg i sommar, så hjelper vi desse gruppene å nå ut til fleire. Desse menneska vil kun oppleve at nynazistane snakkar på ein måte dei forstår og som treffer klangbotn i smerten deira, medan dei andre i debatten berre masar.
Difor er det å tru at ein kan debattere rasisme i hjel noko som er heilt feilslått. Å forstå at rasjonell debatt ikkje bit på alle er ein veldig viktig del av å forstå kva slags fenomen rasisme og fascisme er og korleis desse best kan bekjempast.