Kven er rasistar?

I staden for å snakke om kven som er rasistar og ikkje-rasistar, bør vi snakke om kva som er rasistisk tankegods, og korleis det påverkar oss alle.

Det er vanleg å kalle folk som spreier rasisme for rasister. At nokon som spreier rasisme vert kalla rasist er noko dei fleste vil seie er greit, og det er grei skuring så lenge det er snakk om noko som heilt tydeleg er rasisme. Problemet er, som nemnd tidlegare, at slik rasisme ser ut i dag, er det alt anna enn tydeleg.

Dei som har satt seg inn i korleis rasisme ser ut i dag vil ha eit anna syn på ting enn dei som ikkje har gjort det. Tidlegare har eg nemnd korleis det vi lærer om rasisme på skulen er både overflatisk og utdatert. Og det er gjennom skulegang og gjennom media dei fleste har lært om rasisme. Difor er den gjengse nordmann ikkje oppdatert på korleis rasisme ser ut i dag, og vil ofte reagere på bruk av ordet “rasist” i samanhenger der dei ikkje ser rasismen.

Spørsmålet er om det då er retorisk klokt å nytte ordet “rasist” når ein snakkar om folk som spreier rasisme. Eg har tenkt ein del på det, og har landa på at ja, det er det, men med nokre atterhald.

Eg meiner at bruken av ordet “rasist” bør reserverast til dei som aktivt og med vitende og vilje spreier rasisme, som til dømes ulike nynazistar og nyfascistar. Her vil det vere ganske akseptabelt for dei fleste. Dei som aktivt og med vilje spreier rasistisk tankegods fortener det utvilsamt.

Problemet er at det ikkje funker å dele inn verda i rasistar og ikkje-rasistar. Det er fordi rasistisk tankegods er noko vi alle er tilbøyeleg til å tenke, tale og handle på bakgrunn av. Det siv inn i hovudet på oss og påverkar oss på skjulte og nærast merkelege måtar.

Ho som utan å tenke på det hele ekstra godt fast på veska si når ho møter ein mørkhuda mann på gata og deretter er irritert på seg sjølv for å ha reagert på den måten, er ikkje rasist. Ho vart berre påverka av det rasistisk tankegodset som andre spreier.

På same måte kan nokon spre ting på nye medier utan å vere klar over at det er rasistisk, til dømes påstandar om at muslimer kjem til vestlege land og lagar seg parallellsamfunn. Dette er jo noko som mange trur på og som stadig vert gjentatt i vanlegvis truverdige massemedia. Ein person som delar slike saker er ikkje nødvendigvis rasist, men er uansett påverka av rasistisk tankegods.

Det er grunn til å tru at ved å unngå å snakke om kven som er rasist er eller ikkje, og heller snakke om kva som er rasistisk tankegods, så vil ein opne augene til folk når det gjeld å innsjå kva rasisme er og korleis det påvirker alle. Då vil også kampen mot rasisme verte enklare, fordi folk har fått aukt innsikt i kva slags fenomen det er.

Det er ikkje dermed sagt at folk som Hege Storhaug, Christian Tybring-Gjedde og andre som aktivt spreier rasistiske konspirasjonsteorier slepp unna. Vi skal alltid tørre å kalle sånt for det svineriet det er, og det er heilt tydeleg at den type aktører fortener den merkelappen.

Samstundes må vi unngå å tru at det finnst enkle skillelinjer mellom rasistar og ikkje-rasistar, eller at ein må vere gjennomført vonde og fæl for å fortene å verte kalla rasist. For rasistisk tankegods påverkar oss alle, og om ein ikkje passar på kan ein sjølv tippe over og bidra til vondskapen.

One thought on “Kven er rasistar?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s