Venstresidas politikarar tør ikkje snakke om negative sider ved innvandring, heiter det seg, og dette seier dei sjølv. I realiteten bør venstresidas politikarar gjere heimeleksa si når det gjeld eiga politiske historie, rette ryggen og gje høgresida ei rett venstre.
Dara Goldar frå SV og Kamzy Gunaratman frå AP har eit lesarbrev i Dagbladet 02.01. der dei i eit elles greit innlegg hevdar at venstresidas politikarar har unngått å snakke om innvandring. Dette føyer seg inn i ei lang rekke av likelydende påstandar om venstresidas unnfallenheit når det gjeld patriarkalsk undertrykking i innvandrarmiljø. Dette har vorte ein slags udiskutabel sanning i Noreg, ikkje minst godt hjulpen av høgresida som gjentok det så ofte som dei kan. Men stemmer dette biletet?
Sjølvsagt ikkje. Politikarar frå deira eigne parti har fleire gongar kome med lovforslag og uttalelsar med sikte på å ta tak i desse problema. Raudt likeså. Det er faktisk slik at det er venstresida som gjer noko konkret, medan høgresidea, som no styrar landet på femte året og som styrte landets hovudstad i 18 år, ikkje gjer stort anna enn å peike fingre på innvandrere og venstresiden medan dei kuttar i budsjetta til dei tiltaka som faktisk hjelper.
Kva er fasiten?
Om vi går attende i tid finn vi fleire søker på politikarar som har gått ut mot slik patriarkalsk undertrykking. Sidan det er SV som får det meste av kjeft når det gjeld dette, kan vi sjå på kva partiet seier. Eit kjapt nettsøk visar at SV-leiar Audun Lysbakken har vore ute med følgande:
Vidare kan vi sjå på SVs program for perioden 2013-2017 og ifrå tidlegare program:
Og fra Raudt sitt program frå 2008-2010:
Vi finn også at SV og den raudgrøne regjeringa kom med ei tiltakspakke mot kjønnslemlestelse i 2007, der dei gjekk inn for obligatorisk sjekk av underliv for alle jenter.
Vi ser også at allereie i 2002 var mange hardt ute mot det vi i dag yndar å kalle æreskultur:
Ledende venstrefløyere i Ap går voldsomt i rette med fedrene, imamene og patriarkatet, med en harme som i sin heftighet kan virke nesten innestengt. Vidtrekkende inngrep i giftermålsretten lanseres i fullt alvor av partiets skyggeregjering. SVs Øystein Djupedal sier at folk over hele landet nå er «forbanna» på innvandrere som står på sin urgamle ekteskapskultur, og mer enn antyder at SV vil trekke sosialstøtten vekk fra dem som praktiserer uakseptable holdninger til ekteskap og familiedisiplin.
Alt dette talar for seg sjølv. Som vi ser har politikarar på venstresida heile tida vore konsistente på å vere uttalt imot patriarkalsk undertrykking i innvandrarmiljø. Det hindrar ikkje politikarar på dagens venstreside frå å drive med sjølvpisking og beklage omtrent kvar veke at vi på venstresida er for dårlege, til høgresidas store glede. Dette til tross for at det er vi som faktisk gjer noko med problemet, medan høgresida i stor grad berre pisker opp stemninga i god, gamal splitt-og-hersk-tradisjon. Det er på tide å slutte med sjølvpininga og heller svinge pisken andre vegen.
Høgresida kuttar
For medan det er høgresida som ropar høgst om kor forferdeleg dårlege venstresida er når det kjem til det å ikkje demonisere innvandrarar, så er det langt mellom liv og lære. Medan venstresida har kome med eit mangfald av målretta tiltak som er eigna til å faktisk gjere noko med problemet, består høgresidas tilnærming av å stigmatisere innvandrarar generelt, og å kutte i det som fungerer.
For kva skal ein eigentleg seie om politikarar som i den eine augneblinken gjer seg høge og mørke og lovar å ta opp kampen med desse vonde innvandrarmenna som kjem hit og er vonde, og i den andre augneblinken kuttar i dei tiltaka som hjelper kvinner utsett for vald og sosial kontroll?
Er det dette som kallast handlekraft? Er dette ansvarleg styring? Eg veit ikkje kva de som leser tykkjer om dette, men eg tenker at høgresida kan ta seg ein svær høgballe og halde kjeft. Dei har inga grunn til å vere stolt over eiga rulleblad her.
“Vi må ta debatten, elles vert nazistane sure”
For øvrig ser eg at Goldar og Gunaratnam stør seg på Jørgen Ravndals forsking når dei påstår at det vert mindre “høgreekstremisme” om ein berre “tar debatten.” Dette er noko eg vil kome attende til i ei anna tekst, men eg vil seie to ting her og no:
For det fyrste så kjem ikkje Ravndal i si avhandling med noko særleg til empirisk belegg for sin påstand, faktisk finns det ei god del forsking som seier det stikk motsette, til dømes ein artikkel frå polske forskarar publisert i november i fjor.
For det andre, når Ravndal skriv at det skal ha vore lite rasisme i perioder då ein “tok debatten”, syner han til tidspunkt der det viser seg å ha vore djupt rasistiske parti i sterk politisk vekst og ei rekke tilfeller av rasistisk vald. Det er nok lurt å ta dette med ei god klype salt, spesielt når det er så mykje anna forsking som motstrid Ravndal sine konklusjonar.
Konklusjon: Ikkje høyr på blåpelsane
For å oppsummere, er det ikkje slik at venstresida ikkje tør å snakke om patriarkalsk undertrykking i innvandrarmiljø, snarare tvert om, og vi lyt slutte å late som om dette er sant. Det er venstresida som faktisk er villig til å gjere noko konkret med problema. Vi bør heller rette ryggen, plante føtene i bakken og gje høgresida ein rett venstre før vi jagar dei ut av alt som finst av offentlege kontor.
Det er best for oss sjølve og best for alle – bortsett frå høgresida, sjølvsagt, men kven bryr seg.