Rasismeomgrepet er ikkje utvatna, det er vår kunnskap som er utdatert.
Om du har fulgt med på noko som helst i Noreg dei siste åra, til dømes fjernsyn, nettaviser eller nye medier som facebook og twitter, vil du ha sett nokon hevde at rasismeomgrepet er utvatna, det vil seie at det vert nytta så ofte og i upassande situasjonar at det mister all meining.
Dette høyrer ein gjerne frå folk som har fått påpekt at noko dei har sagt eller gjort er rasistisk, men også frå andre som opplev at ting vert kalla rasisme som dei sjølv ikkje gjenkjenner som rasisme. For mange av desse fremstår bruk av ordet “rasisme” som ein hersketeknikk. Vi har vel alle sett folk snakke om “rasismekortet” og korleis det vert brukt i tide og utide.
Det er vel ingen som vert overraska over at ein fyr frå arbeiderrørsla, med bakgrunn frå LO og medlemskort i AP, meiner at det ikkje er slik at ordet rasisme er utvatna. Tvert i mot er det akkurat det ein venter av folk som meg, men om du gidd lese, skal eg no heller forklare kvifor eg meiner dette.
Det korte svaret er at det ikkje er ordet “rasisme” som er utvatna, men at problemet heller er at nordmenn flest ikkje har oppdatert kunnskap om kva rasisme er. Dei fleste nordmenn som snakkar om rasisme gjer det på bakgrunn av det vi lærer på skulen og det vi høyrer i media, som igjen som oftast er basert på det mediafolk og kommentatorar lærte på skulen i si tid. Problemet med det er at det vi lærer om rasisme på skulen er overfladisk og utdatert.
Det er utdatert fordi det er basert på korleis rasismen såg ut ved nazismens fall og under borgerrettskampen i USA, altså den “biologiske rasismen” som fokuserte på hudfarge, kranieform og andre biologiske kjenneteikn. Sidan den gongen har rasismen utvikla seg enormt i takt med samfunnet for øvrig, men dette vert tatt med i det vi lærer om rasisme på skulen.
Det er også overfladisk fordi det ikkje går særleg i djupne på kva slags fenomen rasisme er. Den generelle gjetninga i Noreg er at rasisme er det same som framandfrykt, med andre ord eit resultat av frykt basert på kunnskapslause, og at dette kan kurerast med informasjon og kunnskap. Dette er óg det ein lærer i skulen, at rasisme kan bekjempast med argumenter. Dette har vi også sett i det offentleges svar på 22.juli-terroren: vi må tørre å ta debatten. Etter sju år med denne tilnærminga ser det ikkje ut til å ha fungert, tvert imot ser det ut til at rasistisk tankegods er på frammarsj i Noreg.
Det finst óg eit vaksande volum av faglitteratur som avviser denne oppfatninga. Om ein skal oppsummere dei førebelse konklusjonane i denne litteraturen, kan ein seie følgjande: Rasisme er grunnleggande sett hat, som kjem frå eit indre begjær etter å dominere andre. Dette kjem igjen av til dømes uløyste traumer frå tidleg barndom, i følgje mange skribentar, medan andre meiner det er ein meir generell menneskeleg impuls. Ein kan ikkje bekjempe dette med argumenter, av di dei det gjeld ikkje befinner seg på det “rasjonelle” planet, men på det som kallast det “emosjonelt-assosiative” planet.
I klartekst tyder dette at dei let seg hovudsakleg styre av kjensler og psykologiske impulsar og er såleis ikkje mottakelege for rasjonelle argumenter. Av naturlege årsaker, finnst det difor heller ikkje særleg med forskning som støttar tanken om at ein skal kunne bekjempe rasisme med argumenter, utan at dette hindrar mange samfunnsdebattantar frå å hevde nettopp dette. Eller kanskje rettare sagt, dei som hevdar dette gjer det utan å vise til noko forskning overhovudet.
Det vi lærer om rasisme er altså stort sett utdatert og overfladisk, javel, men korleis kjem dette til uttrykk i kvardagen? Temaet vårt her er jo korleis nordmenn ikkje kjenner att rasismen når vi møter den. Eit openbart døme på dette er spørsmålet om korleis hets av muslimar kan vere rasisme. “Islam er jo ikkje ein rase.” Den korte og enkle forklaringa på dette er at muslimar som folkegruppe stort sett består av mørkhuda menneske. Desse menneska vert hetsa fordi dei tilhøyrer denne gruppa, på bakgrunn av det eg likar å kalle rasistiske konspirasjonsteorier – konspirasjonsteoriar som rettar seg mot menneske som til dømes har mørkare hud enn dei som ytrar desse teoriane.
Dette er ved nærare ettersyn eit klart døme på rasisme, som mange ikkje forstår at er rasisme, fordi dei trur at rasisme berre handlar om hudfarge. Folk flest veit ikkje at mange nynazistiske/nyfascistiske organisasjonar med vilje har endra måten dei snakkar på: frå å snakke om hudfarge, byrja dei å snakke om kultur, og fra å snakke om pakistanarar, byrja dei snakke om muslimane. Dette byrja med identitærrørsla i Frankrike på 1970-tallet, vart deretter brukt av Front National på og har seinare spreid seg til heile Europa.
Grovt sagt: Når ytre høgre snakkar om kultur, skjønar ikkje folk at dette er kode for rase, nettopp fordi folk ikkje har oppdatert kunnskap om rasisme. Når andre då tar til orde og fordømmar det som vert sagt som rasisme, skjønar ikkje folk kva dette er for noko og konkluderer med at dette er misbruk av ordet “rasisme” og at heile rasismeomgrepet er i ferd med å verte utvatna.
Det er som sagt ikkje tilfelle. Det handlar i staden om at vi ikkje kjenner att rasisme i den formen den har antatt dei siste tiåra. Det er lov å ha ei von om at ein vil kunne få ei betre undervisning om temaet i framtida. Til den tid kjem lyt ein gjere det ein kan for å spre kunnskap.
Litteratur:
Cora Alexa Døving og Sindre Bangstad – Hva er rasisme?, 2015
Sindre Bangstad – Anders Breivik and the rise of Islamophobia, 2014
Lene Auestad – Respect, Plurality and prejudice, 2015.